«Nominasjonsnemnda har hatt, og har som mål, at alle kommunane i Vestland skal vera representert på lista. Nemnda vil framleis jobba for at det endelege listeutkastet skal oppfylla det», seier leiar Lubna Jaffery i nominasjonsnemnda i ei pressemelding.

Dei har sett ein frist til 9. januar for kommunepartia og AUF om dei vil koma med innspel.

På lista finn vi to kvinnheringar. Ordførar Hilde Enstad er plassert på ein 26. plass, medan Øyvind Hardeland er å finna på ein 59. plass.

Stian Opedal Davies (f. 1995) frå Askøy toppar lista.