Gå til sidens hovedinnhold

«Er «bygdetenking» det beste for kommunen si framtid?»

MEININGAR

Som unge, utflytta studentar er vi midt i målgruppa til politikarane sitt hovudbry om korleis ein skal trekka dei unge heim igjen. For sjølv om ein attraktiv arbeidsmarknad og velutbygd samferdsle er viktig, er det meir som må til dersom det skal vera aktuelt å flytta heim. Det evig diskuterte teamet skulestruktur er vel så viktig.

Kvar gong det er snakk om skulenedlegging eller endring i skulestrukturen, blir det eit veldig opprør for å hindra dette. Det kan stillast eit stort spørsmålsteikn ved om dette er rein «bygdetenking», eller om det er til det beste for kommunen si framtid. La oss allereie no vera klinkande klare, debatten kring barnehagar og skular er to vidt forskjellige, og førstnemnde vil ikkje vi legga oss opp i. Er det verkeleg nødvendig med skular i kvar einaste bygd? Når det er minimalt med arbeidsplassar, ikkje butikk og ei heller nokon open samlingsstad i bygda, er det naturleg å spørja seg om kor viktig ein skule er for bygda. Då er ikkje argumentet om at skule er viktig for ei levande bygd lenger tilstrekkeleg. Vi undrar oss om storskular då ikkje vil vera meir samlande. Skal kommunen i framtida vere ein attraktiv stad å bu, må ein gjerne framover sjå mot samarbeid på tvers av bygdene, framfor at ein skal jobba mot kvarandre og halda på sitt.

Helge Sandvig Thorsen, tidlegare doktorgradsstipendiat ved NHH, skreiv i 2016 at «foreldre må gjerne vere bekymra for skulenedleggingar, men det som er skulen sine kjerneoppgåver, blir ikkje negativt ramma». Vi fryktar at små skular i Kvinnherad gjer det vanskelegare for born og ungdom å finna seg til rette, samt at kvaliteten på lærarane sin kunnskap er betrakteleg dårlegare. Ikkje minst tykkjer vi at det er viktig å legga til rette for å følgja nasjonale kunnskapsplanar. Det skal ikkje vera slik at 5.-, 6.- og 7. klassingar blir plasserte i same klasse med mål om å læra same pensum. Ein slik situasjon er ikkje noko vi ønsker for våre framtidige born, og vil vera ein avgjerande faktor for kor vidt ønsket om å flytta heim ein gong melder seg.

Vi vart glade då vi såg Thea Vaage sitt forslag om å lytta til utflytta kvinnheringar, og laga ei spørjeundersøking angåande skulestrukturen i kommunen. Vidare tenker vi at det er viktig å lytta til kommunedirektøren sine vurderingar. Ho er ein utanforståande part, utan fastgrodde bygdetankar som er vonde å venda. Ifølgje Telemarksforskning har Kvinnherad unormalt mange grunnskular samanlikna med elevtal. Som tidlegare poengtert er ikkje vi av den oppfatning at små klassar er det beste for born si læring og sosiale samhald.

Samstundes undrar vi oss om mange politikarar formar meiningane sine etter kva ein trur vil gje stemmer. Dette er sjølvsagt heilt forståeleg, men det er viktig å tenka på det beste for kommunen si framtid. Vi ønsker å sjå meir handling og at ein set i verk tiltak, framfor endelause diskusjonar om dei same problemstillingane. Det tvingar ein til å tenkja nytt, framfor å tvihalda på løysingar som fungerte for tre generasjonar sidan.

Byar har så mykje å tilby av kulturelle tilbod, fritidsaktivitetar, attraktive jobbar og restaurantar, at dersom skulestrukturen også er noko å stilla spørsmål ved, fryktar vi at det å flytta heim igjen for mange ikkje vert vurdert som eit realistisk alternativ. Slik situasjonen i Kvinnherad er i dag, gjeld dette også oss sjølve.


Synne Helleland og Magrete Næs

Utflytta studentar i Bergen som er tvilande til å flytta heim

Les også

Distriktsekspert meiner kommunane må godta færre folk. Vi spurde lokalpolitikarane om Kvinnherad har bomma

Les også

Meiner kommunen brukar over 10 millionar meir enn den bør: Føreslår nedlegging av fem skular og sju barnehagar dei neste åra

Kommentarer til denne saken