MEININGAR
Eg ynskjer å setja fokus på symjetilbudet som vert gjeve til ungane våre i regi av skulen, eit tilbod eg meiner er altfor dårleg. Om eg har forstått rett, er det i dag totalt 30 gonger med symjeopplæring i barneskulen, fordelt gjennom 2. klasse, 4. klasse og 7. klasse (Halsnøy). Er dette nok til at me kan føla oss trygge på at alle born er symjeedyktige og trygge i vatn ved utgongen av 7. klasse? Og er det tidsnok at dei er det så seint som 7. klasse?
Det er fleire og fleire som druknar, og det vert stadig kutt i symjetilbodet. Burde me ikkje auka tilbodet for å prøva å forhindra at dette skjer? Me bur i ein langstrakt kommune med vatn i alle kantar. Eg håpar at politikarane tek tak i dette - både i skuleregi og opningstider i bassenga.
Ein kan jo seia at det ikkje berre er skulen sitt ansvar at ungane vert symjedyktige og trygge i vatn, dette er jo foreldra sitt ansvar òg, eller? Men kva med dei foreldra som ikkje er trygge i vatn sjølv, eller dei som vegrar seg for å gå på familiebading og stranda - kanskje er det ikkje økonomi til at dei prioriterer å bruka bassenga til familiebading? Årsakene kan vera så mange.
Eg brenn for symjeopplæring. Sjølv er eg med som symjetrenar i Halsnøy IL si symjegruppe på fjerde året no - og eg ser verkeleg behovet for å auka innsatsen som vert gjeve på skulen. Me er heldige på Halsnøy, det er faktisk så mange som 73 av 167 born ved Halsnøy skule som deltek på symjeopplæring på fritida hos oss. Men kva med dei 94 som ikkje deltek? Nokre av dei får nok dekka behovet gjennom familiebading, men det gjeld ikkje alle. Kanskje er det nettopp dei ungane som hadde hatt størst behov for det som ikkje deltek hos oss på ettermiddagane.
I mi perfekte verd hadde alle born i barneskulen fått symjeopplæring kvar veke, kvart skuleår i barneskulen. Men eg skal vera realistisk, dette forstår eg at ikkje går. Etter mi meining burde det vore eit mykje større tilbod, spesielt i småskuletrinna. Det nyttar ikkje å senda ein 2. klassing som omtrent aldri har bada før i bassenget fem gonger etter jul og forventa at dei skal blir trygge i vatn på desse få gongene. Sjå for deg at dette barnet ikkje får komma i bassenget igjen før 4. klasse - då må ein forsetja vasstilvenning fordi det er så lenge sidan sist.
Eg er flittig brukar av bassenget til familiebading, noko mange på Halsnøy er. Faktisk er det ofte fullt på familiebadingane, til og med når du kjem 35 minutt før kan du risikera å ikkje få plass. Bassenget her er ope frå 19. septembertil 1. april, dette er eigentleg ikkje nok! Dei ungane som er utrygge må bruka tid på å bli trygge igjen etter sommaren, og når me kjem til våren er det fortsatt lenge frå bassenget stenger til badesesongen ute startar. Dette kan for nokre vera for lenge, dei må då kanskje starta prossesen med å bli trygg i vatnt på nytt.
Kva innstilling har de politikarar til symjeopplæringa som vert gjeven i skulen?
Liv Kari Sjøvangen
Engasjert symjetrenar, bekymra mamma og stor tilhengjar av bassenget