Gå til sidens hovedinnhold

«Er folk klare over dei store naturinngrepa som er planlagde i Husnes-området?»

Artikkelen er over 1 år gammel

MEININGAR Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Som grunneigar har eg lyst til å orientera sambygdingane mine om at Statnett har planar som kan få stor påverknad i eit friluftsområde på Husnes som mange er glade i. Eg trur ikkje folk flest er klar over det som er i ferd med å skje.

For berre eit par månader sidan, i juni, fekk eg nemleg det første skrivet frå Statnett om desse planane. Det synest eg er rart, og eg lurer på kva myndigheiter som har gitt Statnett løyve til å setja i gang?

Statnett planlegg å byggja ny transformatorstasjon på oppsida av Hydro, med ny linjetrasé oppover i fjellsida. Den nye transformatorstasjonen i seg sjølv ser ut til å bli ca ein tredel større enn støyperiet til Hydro Husnes. Den vil sannsynlegvis òg føra med seg mykje støy. I tillegg kjem nye, store master i terrenget ved Husnes Motor og oppover i Onarheimslia som vist på øvste teikninga.

Som grunneigar er eg ein av dei som reagerer på desse planane. Spesielt fordi det allereie ser ut som vi mistar Hellandselva. No skal dei gjera endå fleire inngrep, og ein kan jo spørja seg kor forringa området skal bli før vi seier «nok er nok»?

Statnett har ikkje gitt oss nokon god grunn til kvifor dette må skje, og kva som eigentleg er årsaka til at selskapet ønskjer å etablera dette store anlegget.

Vi har allereie kraftlinjer i Husnes-området. Likevel ønskjer Statnett å byggja nye frå nye «Onarheim transformatorstasjon». Dei gamle skal med tida fjernast, ifølgje Statnett, opp til linjemaster FM43 (sjå øvste teikning).

Nyleg fekk eg beskjed om at Statnett vil ta boreprøvar i grunnen på eigedommane mine, allereie neste månad. I tillegg, basert på dei førebelse teikningane frå Statnett, mistar eg ein betydeleg del dyrka mark/areal på eigedommen min på grunn av dei nye kraftmastene Statnett vil setja opp.

I tillegg til dette verditapet på eigedommen min, fryktar eg konsekvensane dette valet av ny linjetrasé vil få for naturen og dyrelivet i det mest trafikkerte turområdet til fjells på Husnes. Eg er òg bekymra for kreftfaren og støyen desse kraftlinjene vil føra med seg.

Eg har sendt inn forslag til Statnett om ei alternativplassering av kraftlinjene (sjå nedste teikning med mitt forslag til linjetrasé i svart). Aller helst ville eg sett at Statnett la kraftkablar i jorda så langtopp til til koplingspunktet som mogleg (linjemaster FM43 på kartet). Eg meiner dette forslaget vil vera ei langt meir skånsam løysing fordi vi allereie er vane med linjene som går opp frå pumpestasjonen frå Hydro.

Statnett har fått forslaget mitt, men eg håpar at mange fleire vil engasjera seg i denne saka før det er for seint! Vil vi ha slike inngrep i naturen og fjellområda på Husnes, og er det strengt teke nødvendig? Om andre har forslag til alternative løysingar på både straum-traseen og eventuelt andre plasseringar for transformatorstasjonen, håpar eg desse kjem på bordet så snart mogleg.

Trond-Arild Frøystein
Grunneigar

Kommentarer til denne saken