Partiet Dei Kristne berre for kristne?

Mange tenkjer nok det. Men synest du den 1000-årige kristenarven landet vårt er bygd på, er verd å ta vare på? Då er partiet vårt det rette å stemma på. Me er skeptiske til det multikulturelle prosjektet i Noreg, der alt er like rett og alt har like stor verdi. I staden ynskjer me eit samfunn som kombinerer respekten til liberalismen for enkeltmennesket, med tradisjonelle kristne verdiar. Det er slike som respekt for livet, valfridom, ansvar og omsorg for nesten sin. Me ynskjer eit samfunn som er fritt og trygt for alle – uansett kven du er eller kor du kjem frå.

Lokale saker er å fjerna eigedomsskatten, få nykokt mat på aldersheimane, meir tilsyn med barnevernet, støtta primærnæringane, oppretthalda tenestetilbodet i små bygder, seia nei til vindmøller og nei til bompengar. Me er eit klart borgarleg alternativ. Me ønskjer alle veljarar i Kvinnherad eit godt val!

Bjarnhild Sjo

Ordførarkandidat for Partiet Dei Kristne i Kvinnherad