Dagleg leiar Una Kolle fortel at i år er det tredje året på rad med installasjon i vindauget ved Folgefonnsenteret, til glede for reisande med båt, barnehagar og skular, eller andre som legg turen dit for å kikka inn vindauget.
– Og det har vore veldig populært, seier Kolle.
Årets tema – livet i sjøkanten – kan ein tolka som ein vil.
– Vi håpar at så mange som mogleg vil laga peparkakebyggverk i ei eller anna form; fisk eller naust, eller Salmon Eye, eller Folgefonnsenteret, eller andre ting ein finn på, seier ho.
Både besteforeldre, barnehagar, bygdelag og andre med kjevle er hermed utfordra.
Fristen for å levera peparkakehus er 24. november. Det gir litt tid til å pønska ut eit artig kakebygg.
– Så då er det berre å levera til oss, så skal vi laga ein installasjon som er kjekk å sjå på, seier ho.
Una Kolle legg til at det er heilt flott om ein vil levera eit tradisjonelt peparkakehus òg.
– Vi driv ikkje med diskriminering, så alle byggverk blir tekne i mot med glede, og vi oppmodar alle til å delta, helsar Folgefonnsenteret.
