Fabrikksjef Johan Berg ved Hydro Husnes seier at det dårlege resultatet i tredje kvartal kjem av ein usikker marknad, samt betydeleg tap på tilbakesal av overskotskraft.

– Med bakgrunn i lågare produksjonsvolum som følgje av utsett oppstart av B-hallen, kjem det til eit økonomisk tap i tilbakesal av kraft til rekordlåge marknadsprisar, seier Berg.

Marknaden for pressbolt har derimot vist betring siste tida og det er hovudårsaka til at Hydro Husnes no har bestemt å starta B-hallen innan utgangen av november.

– Vi er sjølvsagt svært nøgde med at vi endeleg kan starta B-hallen. Organisasjonen har jobba målretta og godt over lang tid, seier Berg, og legg til:

– Førebuingane til oppstart er i gang, og vi søkjer no etter fleire dyktige medarbeidarar til å vera med i den spennande tida som kjem.

Krevjande koronapandemi

Som for alle andre i samfunnet er utviklinga av covid-19 framleis ei bekymring og usikkerheit for Hydro Husnes, både operasjonelt og marknadsmessig.

– Vi registrerer auka smitte i delar av landet, og held fram med alle implementerte smitteverntiltak inne på fabrikken. Vi ser også at covid-19-situasjonen vil vera med oss i lang tid, og «den nye arbeidskvardagen» blir meir og meir rutine og «den nye normalen», seier Berg.

– Eg er imponert over medarbeidarane sin evne til å alltid setja tryggleiken først – sjølv i ei tid med både pandemi og høgt aktivitetsnivå i samband med oppstartsførebuingane i B-hallen.

Lissepasning frå EU

Gode og føreseielege rammevilkår er ei føresetnad for konkurranseevna til dei norske aluminiumsverka. I september la EU det nye rammeverket for CO₂-kompensasjon for 2021–2030. CO₂-kompensasjonen er den viktigaste enkeltfaktoren, og eit bortfall av denne kunne ha gitt norske aluminiumsverk ein betydeleg konkurranseulempe. No har norske myndigheiter gjort eit godt arbeid for å sikra moglegheitene for norsk industri – og alt ligg til rette for vidareføring av CO₂-kompensasjon.

– EU har gitt Norge ei lissepasning med det nye rammeverket for CO₂-kompensasjon. Norske myndigheiter har stort spelerom for korleis kompensasjonsordninga skal vidareførast, så no er det viktig at dei utnyttar handlingsrommet fullt ut slik at vi kan konkurrera på lik linje med resten av verda, avsluttar Johan Berg.

– Hydro jobbar for å handtere situasjonen

(NPK-NTB):

Hydro sitt underliggjande driftsresultat (EBIT) var 1.407 millionar kroner i tredje kvartal i år, ein auke frå 1.366 millionar kroner i same kvartal i fjor.

Auken er på 3 prosent, kjem det fram i Hydro-konsernet sin rapport for tredje kvartal.

– Hydro sin organisasjon jobbar for å handtere situasjonen med covid-19 på best mogleg måte, med vekt på å verne medarbeidarar og drift, samtidig som vi sikrar inntening, seier konsernsjef Hilde Merete Aasheim.

– Eg er glad for å sjå ein sterk kontantstraum som følgje av denne innsatsen. Samtidig jobbar vi vidare med satsinga på lønnsemd og berekraft, styrkjer posisjonen innanfor lågkarbonaluminium, og utforskar nye vekstområde, seier Aasheim.

Hydro hadde 17,5 milliardar kroner i kontantar og kontantekvivalentar og 4,2 milliardar kroner i kortsiktige plasseringar, inkludert i kortsiktige investeringar, ved utgangen av tredje kvartal.

(©NPK)