MEININGAR
Fagforbundet Kvinnherad ser med bekymring på situasjonen i pleie og omsorg. Budsjettet vert redusert, men arbeidsoppgåver må utførast.
I Formannsskapet vart det opplyst at konsekvensen for brukarar kunne bli at dei måtte legga seg tidlegare, og redusert tid til dusjing, aktiviteter og måltid.
Med dette budsjettet vert innhaldet i kvardagen til brukerane kraftig redusert. Det vert mykje åleinetid når ein må ligga i senga.
Musikkterapeut-stillinga vil dei òg avslutta, det er eit tilbod til brukerane som gjev dei ei god stund i kvardagen. Musikkterapeut er tilstades med song og musikk i dei ulike avdelingane. Slik får dei som ikkje kan gå på felles arrangement òg høve til å høyra/delta i dette tilbodet.
Oppvekst
Fagforbundet stiller seg bak og støttar leserinnlegg frå Utdanningsforbundet.
Med den siste løyvinga på 10,7 millioner som er øyremerka til skule/barnehage, vonar Fagforbundet at denne sektoren vert styrka og ikkje får store reduksjoner i budsjettet.
Fagforbundet ser med bekymring på forslaget om å ikkje ta inn nye lærlingar. Me treng faglært arbeidskraft i mange yrke, men ein må reisa ut av kommunen for å ta det fagbrevet? Er det slike signal politikarane ynskjer å senda til ungdommen?
Styret i Fagforbundet Kvinnherad