Legg ut på ny medlemstur

BLI MED! Astri Irene Ljone (t.v.) og Liv Sæbø Eik inviterer til ny tur i regi av pensjonist- og uføregruppa i Fagforbundet Kvinnherad. 

BLI MED! Astri Irene Ljone (t.v.) og Liv Sæbø Eik inviterer til ny tur i regi av pensjonist- og uføregruppa i Fagforbundet Kvinnherad. 

Pensjonist- og uføregruppa i Fagforbundet Kvinnherad legg denne gongen sommarturen til villmarksleiren i Skånevik.

DEL

Det blir altså ein kortreist aktivitetstur, og dei blide initiativtakarane Liv Sæbø Eik og Astrid Irene Ljone har stor tru på ein kjekk dag hos Skånevik naturoppleving torsdag 6. juni.

Denne gongen blir det kutta kostnader ved at turen til ferja på Utåker skjer ved hjelp av rutebuss. Vel framme i Skånevik tar dei som kan beina fatt og spaserer om lag to kilometer. Dei som treng skyss til og frå villmarksleiren, seier frå om det når dei melder seg på turen. Returen frå Utåker skjer med innleigd buss.

– Det blir altså ein aktiv dag med mange kjekke aktivitetar, til dømes øksekasting, hesteskokasting, vass-selestafett, kulerenner, ulike konstruksjonsoppgåver med klossar og meir til, lokkar Eik og Ljone.

Ifølgje villmarksleiren sjølv, er det tale om kjekke og inkluderande gruppeaktivitetar med låg fysisk terskel.

– Og når vi kjem fram er det fyr i bålpanna og varm kaffi klar. Etter aktivitetane blir det middag i leiren, fortel Eik og Ljone.

Turen er for medlemer og ein kan vera maks 50 deltakarar. Men skulle det bli ledige plassar, opnar ein også opp for ikkje-medlemer.

Artikkeltags