Gå til sidens hovedinnhold

«Fagre ferjelovnadar skrider fram»

MEININGAR

Lesarinnlegg og tilsvar til mange andre parti:

I lys av dei siste fagre valkamp-lovnader har vi kunna lesa oss opp på innlegg frå det eine etter det andre partiet, som endeleg set fokuset på kostnadene for personar som er totalt avhengige av ferjer. Industri- og Næringspartiet (INP) har lenge fronta prinsippet om at ferjer er ein del av riksvegnettet, noko vi i desse dagane kan sjå andre etablerte parti endeleg har fått opp auga for. Graden av kor fort og kor mykje dei skal kutta, og korleis dei skal finansiera det, er jo variabel.

Ap, ved Jonas Gahr Støre og nestleiaren, lanserte først ein versjon som ville resultera i auka avgifter på ein annan plass, så rekna dei litt og veka etter kom Jonas og sa det var ikkje slik han meinte det. Denne veka skal dei ikkje venta til hausten, men kutta umiddelbart.

Frp-talspersonen hadde ein ny versjon, dei ville berre auka uttaket endå ein gong frå Oljefondet og at det på sikt ville lønna seg. Når dei då såg alle andre som ville ta tak i dette, ville dei ta saka til Stortinget med ein trappetrinnsmodell og på sikt gi «gratis riksvegferjer». Senterpartiet har òg føreslått ein versjon som ikkje er heilt kartlagt finansieringa av.

Industri- og Næringspartiet (INP), som eit nytt nasjonalt parti, og som for første gong i historia stiller til val, har sidan dag éin hatt i programmet vårt at «FERJER ER EIN DEL AV RIKSVEGNETTET». Vi har ikkje endra politikken vår sidan vi lanserte den 29.02.20.

Vi i INP ønskjer å føra ein konsekvenspolitikk, og i samband med dette har vi sett oss inn i bakanforliggande kostnader ved drift, vedlikehald og nyetablering av vegar. Vi ser på Statsbudsjettet at det innanfor rammene av inntekter frå avgifter på køyretøy og drivstoff, finst rom for å overføra kostnaden til den delen av budsjettet.

Dei etablerte partia som krigar om gunsten til distrikta i samband med valkampen, har no starta med å lova gull og grøne skogar. Nokon vil auka avgifter, andre vil auka uttak av pengane vi er avhengige av i framtida, for å dekka kostnader for velferdssamfunnet. INP sin konsekvenspolitikk finn rom ved omdisponeringar i årets statsbudsjett, å flytta nokon posteringar slik at dei 3-4 milliardane som blir kravde for å innføra gratis ferjer er oppfylte. Vi ønsker ikkje å overføra inndekninga til andre delar av samfunnet ved skatteauke, ei heller ved å auka uttak av framtidige inndekningsmoglegheiter for å halda ved like velferdsstaten.

Valet står 13. september 2021, på tide å stemma nytt - STEM INP!

Joar Nesse
Fylkesleiar Vestland INP
Ragnhild Tvedt
Leiar Kvinnherad INP
Owe Ingemann Waltherzøe
Leiar Industri-og Næringspartiet (INP)
Bjarte Helland
Nestleiar INP

Kommentarer til denne saken