Gå til sidens hovedinnhold

Fakta om gjenopninga denne veka

Dette er dei viktigaste elementa i gjenopninga av Noreg og Oslo som vil skje denne veka:

Dette blir innført nasjonalt torsdag 27. mai:

* Opnar for grønt nivå i barnehagar og skular:

Frå 27. mai kan kommunane sjølv bestemme kva tiltaksnivå som skal gjelde i skular og barnehagar, ut frå smittesituasjonen lokalt.

* Fritidsaktivitetar

Anbefalt gruppestorleik ved organisert trening i breiddeidrett og kultur- og fritidsaktivitetar blir auka for vaksne over 20 år: Frå 10 til 20 personar inne, og frå 20 til 30 personar ute.

* Arrangement

Det kan vere inntil 100 personar på innandørs arrangement som samlar deltakarar under 20 år som tilhøyrer same kommune.

På offentlege innandørs arrangement blir talet på personar som kan vere til stades utan bruk av faste, tilviste sitjeplassar, auka frå 10 til 50 personar.

På private samankomstar som ikkje skjer i private heimar, hagar og hytter, blir talet auka innandørs frå 10 til 20 personar og utandørs frå 20 til 30. Dette gjeld til dømes feiringar i leigde lokale eller på offentleg stad.

I private heimar aukar talet på personar ein blir tilrådde å kunne ha på besøk, frå fem til ti, så lenge ein kan halde 1 meters avstand.

Ved besøk heime blir ikkje beskytta rekna med i tilrådinga om kor mange ein maksimalt bør vere. Det må framleis vere mogleg å halde avstand mellom dei som ikkje er beskytta.

Varemesser og mellombelse marknader skal no regulerast som kjøpesenter og ikkje som arrangement.

* Reiser:

For personar som er verna som bur i ein kommune med strenge tiltak og reiser til ein kommune med mindre strenge tiltak, gjeld ikkje tilrådinga om å følgje reglar og tilrådingar i heimkommunen. (Gjeld frå 21. mai).

* Skjenking

Innslepps- og skjenkestopp blir utvida til klokka 24, og kravet om matservering ved skjenking fell bort. Framleis vil det bli stilt krav om bordplassering og éin meters avstand.

* Testing

Regjeringa opnar for meir bruk av massetesting i område der gjenopninga aukar risikoen for meir smitte, særleg der det har vore strenge tiltak lenge.

Testkriteria blir endra slik at kommunane kan teste personar utan mistanke om sjukdom. Kommunane får moglegheita til å prioritere ledig testkapasitet til desse nye formåla.

* Toppidrett

På trinn 2 blir det opna for treningskampar i Postnord-ligaen i fotball og i andre seriar i toppidretten det hittil ikkje er opna for. Regjeringa vil opne for seriekampar i dei same seriane tre veker etter 27. mai, såframt erfaringane frå treningskampane og smittesituasjonen tilseier det.

Dette blir innført i Oslo onsdag 26. mai:

* Kafear, skjenkestader og restaurantar kan opne igjen, og det blir opna for skjenking til klokka 22. Frå 27. mai er det ikkje lenger krav om matservering ved skjenking.

* Treningssenter og symjehallar opnar, men strenge avgrensingar på talet på gjester, strenge krav til avstand, og forbod mot gruppetrening.

* Det blir opna for innandørs trening og fritidsaktivitetar for barn og unge under 20 år på grupper inntil 20 personar.

* Kino, teater, konsertstader og tilsvarande kultur- og underhaldningsstader kan opnast for inntil 20 personar om gongen på faste tilviste plassar.

* Museum og galleri kan opne med same talet på avgrensingar som gjeld for butikkar og liknande.

* Arrangement innandørs for opptil 20 personar når det er faste tilviste plassar. Dette inkluderer òg gudstenester, bønnesamlingar, vigslar, dåp og liknande ritual.

* Utandørs blir det opna for arrangement for inntil 50 personar med faste tilviste plassar eller for 30 personar viss det ikkje er faste plassar.

* Fritidsklubbar opnar for inntil 20 personar om gongen.

Kjelde: Regjeringa og Oslo kommune.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken