Sunt eller skadeleg?

 

Dei siste åra har diskusjonen gått hyppig kring kor mykje fisk vi bør, og toler, å eta. På den offentlege helseportalen for norske innbyggjarar, Helsenorge.no, vert vi tilrådd å eta fisk til middag to-tre gonger i veka, gjerne supplert av fisk som pålegg. Rådet, som kjem frå Helsedirektoratet, og er oppdatert i mai 2017, svarar til totalt 300–450 gram rein fisk i veka. Minst 200 gram bør vera feit fisk som laks, aure, makrell eller sild.  Kostrådet om fisk er basert på nasjonal og internasjonal forsking, står det å lesa. Denne konkluderer med at inntak av fisk, fiskeolje og lange fleirumetta omega 3-fettsyrar (EPA, DHA) kan redusera risikoen for å døy av hjartesjukdom. Fisk og sjømat er også ei god kjelde til næringsstoff som protein, vitamin D, vitamin B12, jod og selen.
‒ Helsefordelane ved å eta fisk veg opp for dei ubetydelege risikoane som dagens nivå av miljøgifter i fisk representerer, vert det summert opp på Helsenorge.no

I februar 2017 publiserte sju forskarar ein artikkel i Tidsskrift for norsk legeforening der dei åtvara mot eit for stort inntak av miljøgifter, som dei meinte har særleg negative verknadar på barn, også gjennom at mor får i seg for mykje av dette gjennom graviditet og amming.
‒ Mange av desse giftene er såkalla nervegifter. Dei kan vera kreftframkallande, dei påverkar immunsystemet og nokon er såkalla hormonhermarar - dei liknar på naturlege hormon og lurer kroppen til å gjera feil ting i hormonsystemet. Nokre meiner dette er årsak til overvektsepidemien, at miljøgifter påverkar hormona, uttala Bjørn Johan Bolann, professor ved klinisk institutt ved Universitetet i Bergen, og førsteforfattar av artikkelen, til VG, i samband med publiseringa.

Han viste til dilemmaet om at ein har viktige næringsstoff på den eine sida og skumle giftstoff på den andre, men ville ikkje gå så langt som å be folk slutta å eta fisk. Men ein må avgrensa inntaket av feit fisk på grunn av miljøgiftene, uttala Bolann.
Myndigheitene sin konklusjon er likevel framleis at at dei positive effektane av å eta fisk veg opp for dei negative, og dei har heller ikkje endra kosthaldsråda til gravide som følgje av rapporten. Gravide blir likevel råda til å unngå visse fisketypar, som blåkveite over tre kilo, fleire ferskvassfisketypar, eksotisk fisk og fiskeleverprodukt på grunn av framandstoff. I tillegg skal ein unngå fisk frå forureina fjordar og innsjøar.

 

Reportasjeserien «Spelet om fisken»

I Kvinnherad er havbruksnæringa stor, med 27 lokalitetar i og nær fjordane våre. Dermed er nok både næringa og alt som følgjer med noko som opptar dei fleste kvinnheringar. Mykje er skrive om teamet fiskeoppdrett, og det kjem ikkje til å stoppa etter denne serien. Temaet har tidvis ført til store konfliktar mellom havbruksnæringa og dei som er kritiske til den, men mange meiner diskusjonane er noko unyanserte, og har etterlyst ein meir konstruktiv debatt. Med denne reportasjeserien har Kvinnheringen sett nærare på havbruksnæringa på godt og vondt, for å få fram ulike synspunkt frå ulike aktørar. Det har vore viktig for oss å prøva å vera balanserte, og la ulike partar koma til ordet. Vi kjem ikkje med nokon konklusjon, målet vårt er å gi deg så mykje informasjon at du sjølv kan gjera deg opp ei meining. For å kunna grava i temaet, har Kvinnheringen motteke 75.000 kroner frå stiftinga «Fritt ord».

I denne del 1 av reportasjeserien «Spelet om fisken» har vi sett nærare på oppdrettsnæringa i kommunen vår. Kva blir produsert her? Kor mange er sysselsett i næringa? Kva ringverknadar har den? Korleis er utviklinga i bransjen? Kva seier oppdrettarane sjølve?

Dei neste delane av reportasjeserien kjem på trykk følgjande datoar:

Fredag 18. mai – Del 2: Villfisk og forsking

Fredag 25. mai – Del 3: Støyen i Guddalselva