– Det er viktig med norskprodusert mat

GEIT: På garden bur det geiter i tillegg til sauene. Desse geitene har verdifull pels, som ein kan laga kasjmirull av, noko Tina har hatt tankar om å begynna med. Tina og Konrad er ofte ute på beite og klappar geitene.

GEIT: På garden bur det geiter i tillegg til sauene. Desse geitene har verdifull pels, som ein kan laga kasjmirull av, noko Tina har hatt tankar om å begynna med. Tina og Konrad er ofte ute på beite og klappar geitene.

Omgitt av fjell, og med Baroniet Rosendal som næraste nabo, driv Tina Eik gard saman med mannen Øystein og dei to sønene Konrad og Rasmus.

DEL

Tina Eik (38) og familien flytta til Rosendal og overtok garden etter foreldra til Øystein for to år sidan. På garden har dei primært sauer, omtrent 100 vinterfôra sauer.

– Vi er femte generasjon i familierekkja som driv garden, så det er klart det er kjensler involverte for å driva den vidare.

Etter at dei tok over har dei gjort ein del investeringar, men det vil ta fleire år før desse investeringane vil lønna seg.

– Dei første åra no har vi gått i minus, så for at vi i det heile skal kunna klara å halda det gåande, treng vi snart at pila peikar i den andre retninga.

Trass i at det er sterke kjensler involverte med familiegarden, har Tina og mannen vore innom tanken på å avvikla gardsdrifta.

– Vi er begge i fulltidsjobb utanom, og å driva gard i tillegg krev ekstremt mykje arbeid, seier Tina og rosar svigerfar som er mykje involvert for å få det til å gå rundt.

Produkt

Tina har vore ein av pådrivarane for å få til Reko-ringen i Kvinnherad. Sjølv har ikkje Tina og familien storproduksjon av eigne produkt, men tenker at dette i framtida kan vera ein inngangsport for å få vist fram nokre av produkta sine.

– Nett no er vi i startfasen, så vi har ikkje så mange produkt vi sel endå. Vi har nokre lammeskinn eg lurte på om eg skulle leggja ut for sal, smiler Tina.

LAMMESKINN: Tina har ikkje prøvd å selja lammeskinna tidlegare, så ho er veldig spent på korleis det vil gå på den aller første Reko-ringen som blir arrangert i Kvinnherad. Her «badar» Tina og Konrad i nokre av lammeskinna dei har.

LAMMESKINN: Tina har ikkje prøvd å selja lammeskinna tidlegare, så ho er veldig spent på korleis det vil gå på den aller første Reko-ringen som blir arrangert i Kvinnherad. Her «badar» Tina og Konrad i nokre av lammeskinna dei har.

I framtida ser ho for seg at dei kan tilby ferskt kjøt av lam og geit, og etter kvart laga kasjmir-ull, som kjem frå geita. Straks er også bie-sesongen i gang, så om dei får produsert nok honning, er dette eit produkt dei kan tilby på eit seinare tidspunkt.

– Det er kjekt å ha varierte produkt å tilby, for det viser eit spekter av kva ein kan få til på lokale gardar rundt omkring i Norge, smiler Tina.

Men eit namn til garden og produkta manglar dei.

– Vi er så ferske at dette har vi ikkje tenkt på enno. Kanskje Eik Sau & Geit? Vi er veldig opne for innspel, ler ho.

Landskap

Med ruvande fjell og bratt terreng, er det utmarksbeite for sau og geit som ofte blir løysinga på Vestlandet. Tina meiner dette er ein av hovudgrunnane til at ein finn mange småbruk i regionen, Rosendal inkludert.

– Vestlandet er ikkje eigna for storproduksjon på same måte som det flate Austlandet, påpeikar Tina.

For å halda kulturlandskapet ved like er bøndene viktige.

– Ein kan jo berre tenka seg korleis landskapet hadde vore utan gardane og bøndene. Det ville jo ha grodd igjen.

Tina tenker at ein alltid vil vera avhengig av global handel, men at det likevel er viktig å ta vare på matjorda og produsera norsk mat. At ein veit kor kjøtet kjem frå er eit stort pluss.

– Vi er veldig opptekne av dyrevelferda, og vi veit at dyra våre har hatt eit godt liv på garden her.

Artikkeltags