Gå til sidens hovedinnhold

Mary Schumacher (66) og døtrene kom heilt frå USA for å finna røtene sine i Omvikdalen

Artikkelen er over 3 år gammel

Far hennar Peder Hjelmeland utvandra frå Omvikdalen til Amerika i 1949. Førre helg tok Mary Schumacher (66) med seg to av døtrene sine for å visa dei kor dei har røtene sine, og fekk då høve til eit høgst sjeldan familietreff.

Peder Hjelmeland (1912-2000) var fødd og oppvaksen i Omvikdalen. Han gifta seg i Rosendal i 1938, med Bjarnhild frå Matre ved Bergen. I 1949 tok dei barna med seg og emigrerte til Iowa, USA. Her blei dei foreldre til fleire, til saman fekk dei ti ungar. Eitt av desse barna var Mary. Førre helg var ho i Kvinnherad for å visa fram to av sine fire døtrer kor bestefar deira kom frå.

– Foreldra våre snakka ein del om Norge, så vi følte av vi kjente landet godt sjølv om vi aldri hadde vore her. Eg besøkte Norge og Kvinnherad for første gongen i 1988, og det første som slo meg var kor nydeleg og naturskjønt det er her. Eg blei ekstra stolt over å ha norske røter då, smiler Mary Schumacher.

Dei var eigentleg på besøk hos ein annan slektning i Sandnes, men valte å leggja helga hit. Då tok eit av barna til eit av søskenbarna initiativet til ein spontan slektsmiddag i Rosendal. Ein stor gjeng søskenbarn med etterkomarar var difor samla til det som må seiast å vera eit svært sjeldan familiesamkome førre laurdag ettermiddag.

– Utruleg stas å vera saman med søskenbarna mine og etterkomarane deira. Det er sjølvsagt altfor sjeldan, så det gjer veldig godt å vera samla, smilte Schumacher.

Kommentarer til denne saken