Like etter klokka 15:00 fredag fekk politiet melding om funn av ein livløs mann i sjøen i Rosendal. Det skriv Vest politidistrikt i ei pressemelding fredag kveld.

Mannen sin identitet er kjent, og dei pårørande er varsla, skriv politiet vidare.

Politiet mottok tidlegare fredag ei bekymringsmelding om ein sakna mann i 60-åra. Funnet blir sett i samanheng med det, opplyser politiet.

Det er ikkje grunn til å tru at avdøde er utsett for ei kriminell handling, melder Vest politidistrikt.

LES OGSÅ: Sommarpraten: Maria Solheim Thorsen (37) (+)