Ut frå dei observasjonane som er gjort så langt, framstår det som ei ulukke og det kan tyda på at den omkomne har sklidd og falle ned, skriv politiet.

Natt til måndag blei det sett i gang ein leiteaksjon etter at politiet blei varsla om at ein mann som var på fjelltur ikkje var komen tilbake til avtalt tid. Mannen skulle gå frå Malmangernuten til Melderskin og la ut på tur fredag ettermiddag.

Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder deltok i søket. I tillegg til lokalt politi og eit redningshelikopter.

Den omkomne blei funnen i ei fjellside i 7-tida måndag morgon, ifølge politiet si pressemelding. Vidare opplyser politiet at det ikkje har vore mogleg å henta den avdøde ut enno. Noko ein truleg treng helikopter til.

Mannen som blei meldt sakna, var heimehøyrande i Bergen. Dei pårørande er varsla.