Får M/F «Ytterøyningen» som nabo – fryktar reprise

Nils Arne Fosse (innfelt bilde) ser ikkje fram til at M/F «Ytterøyningen» kjem tilbake til Fjelbergruta.  Hovudbildet er frå oktoberkvelden i fjor då «Ytterøyningen» vart råka av brann, og la til ved ferjekaien på Sydnes. (Arkivfoto).

Nils Arne Fosse (innfelt bilde) ser ikkje fram til at M/F «Ytterøyningen» kjem tilbake til Fjelbergruta. Hovudbildet er frå oktoberkvelden i fjor då «Ytterøyningen» vart råka av brann, og la til ved ferjekaien på Sydnes. (Arkivfoto).

Nils-Arne Fosse (72) på Borgundøy er ikkje glad for at M/F «Ytterøyningen» kjem tilbake i Fjelbergruta, etter planen før me skriv juli.

DEL


Som kjent er hybrid-ferja til reparasjon etter brannen og den etterfølgjande eksplosjonen i batterirommet i fjor haust.

For tida er det ferja «Sveio» som trafikkerer ruta, og alle som kjenner ferjetrafikken knytt til Fjelbergøyane, veit at om natta ligg ferja til kai på Borgundøy, midt i smørauget i bygdesentrumet.

– Om natta har eg ferja like utanfor soverommet. To bustadhus, to sjøbuer og butikken har ferja i Fjelbergsambandet som nær nabo når den ligg her over natta, forklarar Fosse.

Desse to arkivbilda frå 2013 viser at ferjekaien på Borgundøy ligg nær fleire bygningar.

Desse to arkivbilda frå 2013 viser at ferjekaien på Borgundøy ligg nær fleire bygningar.

Han er mest kjend som butikkmann på Borgundøy, men har òg fartstid som matros/billettør på Fjelbergruta.

Fosse fryktar at det kan oppstå ny brann i ferja.

– Dersom det skjer ein ny feil med det elektriske i «Ytterøyningen», kan ein risikera at brannen spreier seg her. Eksplosjonen på Sydnes er heller ikkje noko me ønskjer reprise på med bustadhus like i nærleiken, seier Fosse.

Utrygg

– Når «Ytterøyningen» er tilbake og skal liggja til kai her om natta, vil eg ikkje føla meg trygg. Det skapar ein usikkerheit hos meg å tenkja på at me skal ha den liggjande midt i sentrum her, seier Fosse.

Han legg til at Norled bør vurdera om «Ytterøyningen» kan liggja ein annan stad om natta.

– Men det går greitt å ha M/F «Sveio» som nabo om natta?

– Ja, det er annleis med dei tradisjonelle ferjene. Det er ikkje mykje eg har vore redd opp gjennom åra, men «Ytterøyningen» vil eg helst ikkje ha som nabo når eg søv, seier Fosse.

– Har eit poeng

Regionsjef for ferjer i Norled, Inge André Utåker, uttrykkjer forståing for Fosse si uro:

– Det er ikkje mogleg å seia anna enn at historia viser at han har eit poeng.

Men Utåker peikar òg på at brannen er grundig analysert og det er gjort gode tiltak om bord i ferja:

– Vi får ikkje same hending igjen, men i teorien kan det vera andre sider som vi ikkje kjenner. Norled har vurdert risikoen som fullt ut tilfredsstillande, seier han, og legg til:

– Dersom nokon er meir grunnleggjande opptekne av branntryggleik i batteri, bør ein venda seg til nasjonale autoritetar som Sjøfartsdirektoratet, eller Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB).

Med omsyn til kor «Ytterøyningen» skal ha nattligge, viser Utåker til at praksisen er ein konsekvens av rutetabellen Skyss har laga.

– Vi har per definisjon ikkje noka meining om ruta, men om vi blir spurde, er synet vårt at det er organisert fornuftig som det er. Men teknisk er det ikkje noko i vegen med å liggja på Sydnes, avsluttar Utåker.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags