Gå til sidens hovedinnhold

Farevarsel langs kysten onsdag

Onsdag blir det venta høg vasstand i Rogaland, Vestland, Møre og Romsdal og Trøndelag. Yr har sendt ut gult farevarsel.

Vasstanden blir venta å vere høgast onsdag klokka 12 og torsdag klokka 1. Høgda skal liggje på 40–60 centimeter over høgda som er gitt opp i tidvasstabellen.

Yr melder om fare for lokal flaum og små øydeleggingar på infrastruktur og bygningar i strandsona. Dei tilrår å vere varsam ved ferdsel i strandsona og ber folk sjekke båtfortøyingar og sikre lause gjenstandar ved vasskanten.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken