«Like viktig meiner me det er at det vert brukt tid og at ein ikkje forhastar seg»

Av
DEL

MEININGAR17.12.2015: Lokal forskrift om krinsgrenser i Kvinnherad kommune vart vedteke av kommunestyret i samband med kommunedelplanen for skulebruk 2016-2028. 0-alternativet/bygdealternativet vart vedteke.

09.09.19 gjekk me til valurnene og mange av oss var litt lurne på kven som skulle få stemma denne gongen. Skular, og ein politikk som tar vare på bygdene, var viktig.

07.11.19 og 21.11.19 vert òg viktige datoar av nett same grunn, skular og bygder. Kva ønskjer politikarane våre? Og kva hevda ein før valet?

Kommunedirektøren sitt forslag til budsjett 2020 – økonomiplan 2020-2023 skapte med eitt uro igjen. Det er sjølvsagt for oss at økonomien skal forvaltast slik at den økonomiske handleevna blir ivareteken over tid, og at økonomiplanen skal visa korleis dei langsiktige utfordringane og strategiane skal følgjast opp og kommunen skal vedta finansielle måltal, for første gong, for korleis kommunen sin økonomi bør utvikla seg. Desse måltala skal verta utarbeidde etter lokaløkonomisk politikk, og fastsetjast etter lokalt skjøn og realistiske vurderingar. «Like viktig meiner me det er at det vert brukt tid og at ein ikkje forhastar seg»

Det er i forslaget til kommunedirektøren lagt opp til strukturelle endringar i oppvekstområdet. Dette tar oss då med andre ord inn i skuledebatten igjen. Heldigvis les me òg at kommunedirektøren er opptatt av innbyggjarinvolvering!

Kommunedirektøren ser for seg å starta eit arbeid straks med å gjera ein god analyse på kva midlane går til, og kva tenester og skulekvardag skuleelevane i Kvinnherad får. Det bør skje med involvering og i tett dialog med ulike interessentar som tilsette og mottakarar av tenestetilboda, i tillegg til at arbeidet må skje i god dialog med politisk nivå les me i økonomiplanen.

Heldigvis! Me ønskjer alle best mogeleg tenester og ein best mogleg skulekvardag for borna våre. Derfor må me trekkja pusten og ikkje ta forhasta avgjerder med straks å kutta millionar frå sektor oppvekst og i høve strukturendring. Kva om det ikkje er til barnas beste?

Kvinnherad er ein unik kommune arealmessig. Me ser at Stord er ein kommune me samanliknar oss med, men me klarar ikkje heilt sjå korleis.

Skulane skal fremja læring, meistring og utvikling. For at læringsutbytet til elevane skal verta best mogleg må dei trivast, vera trygge og få opplæring tilpassa evnene og føresetnadane sine. Skulane har ansvar for å utvikla barn sin kompetanse og setja dei i stand til å delta i eit samfunn i stadig endring og utvikling.

Me kan ikkje kutta først og tenkja etterpå? Men trass i at me tilsynelatande er på rett veg, ser kommunedirektøren det som heilt nødvendig å gjennomgå heile strukturen innan skule- og barnehageområde før ein bestemmer kva bygg dette gjeld. Kanskje me skal sjå på kva bygg det gjeld først, og så sjå på kva som kan gjerast/bør gjerast?

Me ser nemleg at kommunen har ei forbetring på seks plassar på landsbasis frå året før på NHO sitt kommune-NM. Kvinnherad kommune har òg oppnådd betre resultat innan grunnskule samanlikna med i fjor. Trass i at me tilsynelatande er på rett veg, ser kommunedirektøren det som heilt nødvendig å gjennomgå skulestrukturen.

Kvinnherad kommune er òg i gang med eit stort planarbeid. Me meiner det vert viktig å sjå alle planane til kommunen som ein heilskap. Dette for å vita kva me i Kvinnherad vil, og samstundes gje betre moglegheit for økonomisk styring i tråd med vedtekne målsettingar og ikkje minst noko som er meir føreseieleg for innbyggjarane. For me må seia at det ikkje er kjekt å leva i den uvissa som er rundt skuledebatten.

Argumentasjonane som ligg til grunn for strukturendringsdebatten er at ein ligg høgt på driftsutgifter per elev i skule, og at ein ser ein reduksjon i elevtalet i skulen dei neste fem åra.

Heldigvis er Halsnøy i vekst, og det er den staden i Kvinnherad kommune som kanskje har størst byggeaktivitet innan nye bustadar. Tunnelen er blitt gratis, og fleire har vist interesse for å busetja seg på Halsnøy. Ifølgje eigedomsmeklarar er det fleire frå fastlands-Kvinnherad som viser interesse. Vidare er det auka aktivitet på Hydro Husnes, og det er allereie familiar som har busett seg på Halsnøy som jobbar på Husnes. Slik infrastrukturen er no, har me stor tru på at det vil verta vekst på Halsnøy. Då er det viktig å ha ein skule i nærmiljøet, og me er samd med at det er viktig å sikra fleire arbeidsplassar til kommunen, at Kvinnherad vert attraktiv for nyetablerarar og tilflyttarar og slik sikra betre fødsletal.

Me registrerer at kommunen er bekymra for elevtalet, men me kan trygga kommunen med at slik tala er på Halsnøy no, så er det ein svak auke i elevtalet i lang tid framover – og fleire håpar me det vert. Øyatun skule har heldigvis ikkje dei store vedlikehaldsbehova, og skulen er i byggteknisk god stand. Det viser at Kvinnherad kommune har investert i Øyatun. Det er nytt tak, og skulen har nyoppussa skulekjøken. Elevar ved skulen driv butikk, og ein har eit uteområde som legg til rette for fysisk aktivitet både for elevar og andre. I tillegg er det eit varmebasseng som høyrer til skulebygget. Dette er aktivt brukt både i skuletida og på fritida.

Nokre meiner det er eit argument å legga ned Øyatun sidan det et den same elevmassen som kjem frå ein barneskule til ungdomskulen. Grunnen til at det er slik, er eit politisk grep som vart vedtatt i Kvinnherad kommune, der ein la ned Hauge og Tofte skule, og flytta dei til Sætre skule som vart Halsnøy skule. Halsnøy er den bygda som har bidrege mest i skulestrukturen til Kvinnherad kommune, og ein spennande tanke er at vegen gjennom tunellen går jo begge vegar?

Me set vår tillit til at det ikkje vert noko forhasta nedskjering. «og med eitt forstod eg at tillit er eit ord som kan lesast båe vegar»

FAU Øyatun ungdomskule

FAU Halsnøy skule

FAU Espira barnehage

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags