Foreldremøte om nettvett

Oddvar Eikenes skal førelesa om nettvett for foreldre. FAU-leiar Marita Totland vonar mange tek turen.

Oddvar Eikenes skal førelesa om nettvett for foreldre. FAU-leiar Marita Totland vonar mange tek turen.

Artikkelen er over 4 år gammel

I kveld, tysdag, føreles IKT-rådgjevar Oddvar Eikenes om fornuftig bruk av internett.

DEL

— Internett kan vera eit fantastisk reiskap om vi brukar det godt. Men svært farleg om vi ikkje passar litt på, seier Oddvar Eikenes.

Han jobbar til dagleg som IKT-rådgjevar for skule og oppvekst i kommunen.Den tidlegare læraren og rektoren har i tillegg til teknisk innsikt, ei god pedagogisk forståing av barn og nettbruk. Han påpeiker at det er svært viktig at foreldre forstår kva som skjer i barn si sosiale medieverd.

— Eg vil mellom anna visa foreldre litt om kva ulike nettstadar og appar som er populære blant barn, og gi foreldre litt verktøy til korleis følgja opp barna i høve til nettbruken deira.

Møtet blir i auditoriet på Husnes ungdomsskule, og alle er velkomne.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags