«No ynskjer vi fred. Fred til å fortsetja å byggja opp Herøysund til å vera ein plass vi ynskjer å bu, og ein stad folk ynskjer å flytta til»

Av
DEL

MEININGARVi syner til budsjettsamling i Matre, der kommunedirektøren tek opp tema skulestruktur.

For det fyrste må vi seia at då vi såg overskrifta i Grenda den 8. november, visste vi at det var vår skule som igjen blei føreslått nedlagd utan at vi eingong opna artikkelen. Og vi veit alle kva som kjem i vekene og månadene framover.

Kommunen vil spara pengar, difor vil dei leggja ned skular. Vi vil behalda skulen. Mykje er tidlegare sagt i saka, store utreiingar er gjort og mykje pengar er brukt. No ynskjer vi fred. Fred til å fortsetta å byggja opp Herøysund til å vera ein plass vi ynskjer å bu, og ein stad folk ynskjer å flytta til. Fred til å fortsatt ha dei moglegheitene vi har i dag. Fred til vidare utvikling, ikkje nedlegging. Fred til samarbeid med kommunen, ikkje kamp mot den.

Vi ynskjer sjølvsagt også god kvalitet i Kvinnheradskulen, men til forskjell frå kommunedirektøren ynskjer vi dette utan nedlegging. Vi ser verkeleg ikkje eit likskapsteikn mellom kvalitet og nedlegging. Vi meiner heller det motsette, vi ser på det som eit nederlag for kommunen.

Folketalsutvikling er brukt som argument for nedlegging heilt sidan 80-talet. Dersom prognosane heile vegen hadde slått til, hadde det vore negativt innbyggjartal i Kvinnherad no. Vi veit det er familiar som ikkje hadde flytta til Herøysund dersom det ikkje er skule her. Og vi veit det er familiar som ikkje flyttar til kommunen på grunn av desse hyppige truslane om nedlegging og nedbygging av tilbod i kommunen vår. Skal vi få til ein god kommune må vi samarbeida, ikkje bruke alle kreftene på innbyrdes kampar!

Vi ynskjer med dette å signalisera at vi stoler på at politikarane gjer jobben sin. Vi stoler på at de gjer som dei aller fleste lova føre valet, å ta vare på distrikta og dagens skulestruktur.

FAU Bringedalsbygda skule

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags