1. november utfordra ordførar Peder Sjo Slettebø ein handfull av andre Kvinnheringar til å la barten gro for ei god sak. Kvinnheringen har ringt rundt for å spørja korleis utfordringa blei motteken, og korleis framgangen på hårveksten i ansiktet er så langt i november.

Alle foto er private. Krusedullar laga av Vidar Håland.


– Eg, utfordra? Bart?

Førstemann som vart utfordra var Gaute Lund. Kvinnheringen ringde og spurde korleis det gjekk med barten og utfordringa.

– Dette har eg ingen kjennskap til, fortel Gaute noko forbausa.

– Eg er jo ein person som ikkje har problem med å skilja meg ut. Men å gjera slike ablegøyer kollektivt er ikkje heilt mi greie. Så hadde eg fått med meg utfordring tidlegare, hadde eg nok aktivt ignorert den, ler Gaute.

Sidan vi er komne langt i november allereie, ser ikkje Gaute heilt poenget med å kasta seg med i leiken no. Dessutan har han hatt bart og skjegg i årevis. Medan vi snakkar i telefonen donerer han ein rund sum til saka, og vil på sin eigen måte vera med og skapa meir «blæst» om aksjonen.

– Det kjem kanskje meir reaksjonar på at eg vel å stå over denne utfordringa enn om eg hadde blitt med, smiler han.

Heile opplegget appellerer ikkje heilt til Gaute, og han er klar i sin tale:

– Det er kvar sin smak, og så lenge ein stor kritisk masse kan gjera ablegøyer og samla pengar inn til ei god sak, er det heilt ok, avsluttar han.


Bart etter gammalt

Kvinnheringen ringde til Ove Lemicka, som var nestemann på utfordrarlista.

Vi spurde korleis det gjekk med barten, og blei møtt med god humring i andre enden av telefonen.

– Eg sit her og kjenner på barten no, ler han.

Utfordringa kom litt brått på, men Ove bretta opp ermene og heiv seg på.

– Vi må jo stilla opp for ei god sak, understrekar han.

Ove var på veg til Spania då vi snakka med han på telefon, og det ekstra ansiktshåret kan nok vera ei utfordring i varmen. Heldigvis er det fortsatt tidleg i november.

– Kva synest din betre halvdel om ansiktshåret?

– Kona var mellomfornøgd, men sa at det kunne no bli kjekt med litt bart etter gammalt, smiler Ove.

Ove har ikkje komme i gang med innsamlinga endå, men han har planar om å starta ei innsamling for å støtta saka ytterlegare.


Leier framfor ordføraren

Ordføraren utfordra også sin gode kamerat Øystein Sjo.

– Gror du bart?

– Stemmer det, fortel Øystein via telefonen.

Han tok ikkje utfordringa på strak arm, men kunne ikkje trekka seg etter at det heile stod på trykk i Kvinnheringen fredag 2. november.

– Eg fekk mange «snappar» om at det hadde stått i avisa, så då hadde eg ikkje noko anna val enn å begynna og spara, smiler han.

Ifølgje Øystein sjølv har han hatt stabil og laber skjeggvekst sidan puberteten, men det går framover på bartefronten.

– Den gror førebels, og eg hadde rett nok ein tredagars då utfordringa starta. Denne kjem nok vel med, for eg føler at eg treng eit lite forsprang i forhold til den ekstreme hårveksten til Peder, ler Øystein.

Pengane har begynt å strøyma inn på innsamlinga til Øystein via Facebook, og per dags dato er han godt over halvvegs på veg mot målet på 10.000 kroner. Han leier faktisk framfor ordføraren.

– Om det er noko godt som kjem ut av dette, så er det jo at ein samlar inn pengar til ei god sak. Det er jo heller ikkje heilt feil at eg gir ordføraren ein god konkurranse i donasjonar, ler han.


Mista verdifull dag

Heller ikkje Bjarte Døssland slapp unna utfordringa til ordføraren.

– Når øvste politiske organ fortel at ein skal gro bart, så må jo berre borgarane lya, smiler Bjarte med glimt i auget.

Barten veks litt på etterskot, fordi han kom i fare for å bruka «viskelæret» 1. november.

– Eg har mista ein verdifull dag! Det kan bli heilt avgjerande det, ler han.

– Men sant må seiast; eg kjenner at det er betydeleg med motstand allereie, understrekar han.

Om kort tid skal han halda foredrag for dommaradvokatar, eit ærend han verkeleg «gler» seg til, takka vera barten.

– Eg kjem til å sjå ut som ein tulling! bryt han ut.

Bjarte fortel at han skal samla inn pengar på ordføraren sin aksjon, og bruka månaden på å ytterlegare fornedra seg sjølv.

– Og vi må følgja med at pengane går til kreftsaka, og at dei ikkje plutseleg blir brukte til for eksempel skule og slikt, konstaterer han leande.

Enn så lenge har han ikkje hausta så mange kommentarar for det flotte ansiktshåret – men Bjarte har ingen grunn til å tvila, kommentarane kjem garantert, for det er fortsatt lenge igjen av november månad. Om ikkje, kan han leva lenge på sin eigen kommentar i det han studerte seg sjølv i spegelen:

– Eg har aldri sett ein så fin mann!


Gror i det stille

Redaktøren i Kvinnheringen er den siste av dei fem «heldige» som vart utfordra av ordføraren. For ein gongs skyld er Tomas Bruvik ganske mutt og stille.

– Gror du bart?

Han drar fingrane over overleppa for å visa at det er hårvekst på gong.

– Nokre tustar har kome, men det ser ikkje bra ut, seier han medan han ristar på hovudet.

Tomas tok ikkje utfordringa på strak arm, men skal gjera eit forsøk på å gro bart i løpet av november.

– Kva kommentarar har du fått frå folk så langt?

– Stort sett at det er veldig sexy, fortel han med ein viss ironi.

Om det har vore suksess i heimen med bart, får vi ikkje vita.

– Kva synest din betre halvdel om barten?

– Ingen kommentar.

Så langt har innsamlinga gått trått, men redaktøren lovar bot og betring.

– Eg skal ta meg saman og starta ein innsamlingsaksjon i nær framtid, lovar han.


Utfordraren sjølv

Ordføraren Peder Sjo Slettebø er særs glad for at dei fleste har tatt utfordringa og latt bartehåret gro. Unntaket er Gaute Lund, som allereie har hatt bart og skjegg i årevis.

– Ein av grunnane til at eg utfordra Gaute, var jo at vi no endeleg skulle få han til å barbera seg, ler Peder.

– Og barten til Tomas, den gror den? spør Peder tilbake.

– Joda, om ein legg godviljen til kan ein sjå at det er ein begynnande bart der, fortel underteikna.

Barten til Peder derimot, veks og blir kraftigare dess lenger ut i november vi beveger oss. I takt med hårveksten, kjem det inn pengar i kassa til innsamlingsaksjonen hans på Facebook. I løpet av første veka er han godt over halvvegs mot målet på 10.000 kroner. Men han må sjå seg slått av kompisen Øystein Sjo.

– Det har gått «sport» i det for Øystein sin del, ler Peder.

– Men vi bør få på bana at han har gått så langt å få våre felles kompisar til å berre donera til han. Det er vel den konkurransefordelen ein «underdog» skal ha, smiler han.

Om kompisen samlar inn meir pengar har ingenting å seia, for pengane går til sjuande og sist til ei god sak.

– Eg kan leva med å bli slått når det er for ei god sak, fortel Peder.

Barten har hausta mange hyggelege kommentarar, men òg ein del smil. Heldigvis har det stått svart på kvitt i avisa kva han eigentleg held på med.

– Då slepp eg å forklara det kvar gong eg møter folk, seier han.

Men for ein spesiell venn ser det ikkje ut til at den nye barten har noko å seia.

– Det har ikkje komme noko synspunkt på barten frå Vov, som vanleg. Ho tar meg alltid slik eg er, det er det eg likar med hunden, avsluttar han.


Fleire kvinnheringar gror bart for å samla inn pengar til menn si helse. Ein ekstra bonus er jo at ein samtidig har sjansen til å sjå heilt fantastisk ut, i alle fall ifølgje mennene sjølve.

Åsmund Lilleaas har samla eit Movember-lag i Palfinger Marine, bedrifta han jobbar for. Laget består av åtte medlemmar og går under lagnamnet «Palfinger Marine – Let it grow» på movember.com. Åsmund er sjølvutnemnd lagkaptein og kunne ikkje la utfordringa gå frå seg.

– Det er eit viktig tema og vi ønskjer å setta fokus på menn si helse, fortel han.

I tillegg til å setja menn si helse i fokus, har kapteinen ifølgje profilen sin ein alternativ agenda for å la ansiktshåret gro: «To look awesome».

Til no har gjengen på Palfinger samla inn heile 2.250 kroner, godt på veg mot målet om å få inn 10.000 kroner på ansiktshåret som skal pryda ansiktet deira den neste månaden.

– Har de fått nokre tustar så langt?

– Det veks, forsikrar Åsmund om.

– Det er endå god tid til å gro bart, då vi berre er komne til 5. november, held han fram.