SOMMARAVIS: Ja, vi elskar bubil-livet!

På Halsnøy har dei eigen caravan-klubb, og i år feira gjengen 10-årsjubileum.
Publisert
DEL

Fleire og fleire kvinnheringar legg sin elsk på bubil-livet, og på Halsnøy Caravanklubb sitt vårtreff som var helga 10.–12. mai, var heile 24 bubilar samla på bubilparkeringa ved samfunnshuset på Sæbøvik. I år fyller klubben 10 år. To av entusiastane som er med i klubben er Liv og Reidar Sæbø.

– Eg trur vi er rundt 30 bubilar i klubben, og det er òg folk frå fastlandet med. Det er veldig sosialt og kjekt. Vi plar å ha eitt treff på våren og eitt på hausten. Alle kjenner alle, og skal nokon på tur ein plass går jungeltelegrafen mellom oss, slik at andre òg kan slenga seg med og reisa til same plassen, fortel Liv.

Ho kjenner ikkje til at det finst andre slike bubil-klubbar i Kvinnherad. På vårtreffet i år hadde dei forskjellige kjekke aktivitetar, som hesteskokasting, lotteri og felles middag på Trallehuset.

Halsnøy Caravanklubb var heldig med vêret under årets vårtreff på Sæbøvik 10.-12. mai, der heile 24 bilar var samla på parkeringa ved samfunnshuset. Dei hadde fleire kjekke aktivitetar i lag, og her ser du Reidar Sæbø prøva seg på hesteskokasting.

Halsnøy Caravanklubb var heldig med vêret under årets vårtreff på Sæbøvik 10.-12. mai, der heile 24 bilar var samla på parkeringa ved samfunnshuset. Dei hadde fleire kjekke aktivitetar i lag, og her ser du Reidar Sæbø prøva seg på hesteskokasting.

Samhald

Liv og Reidar kjøpte sin første bubil i 2006, og reiser både i inn- og utland. Dei har vore i Kroatia, Tyskland, Danmark og Sverige med bubilen.

– Mange av dei vaksne som i dag har bubil, har hatt båt tidlegare, og det gjeld oss òg. Vi har båt framleis, men vi bur ikkje i den lenger. Med bubil slepp du å venta til solgangsbrisen er over før du kan flytta på deg, og det er ikkje like vêravhengig. Du berre pakkar i bilen og køyrer etter godvêret, fortel Liv.

Ho skryt over samhaldet mellom bubil-eigarane.

– Kjem du til ein ny plass kjem folk nærmast springane for å hjelpa til med å kopla deg til straum og vatn, og tar godt imot deg. Vi kosar oss i lag! Dei som vurderer å kjøpa bubil må berre hoppa i det, dei kjem ikkje til å angra!

BUBILPARKERINGAR I KVINNHERAD:


Sundal Camping, Mauranger

Ligg ved sjøen i Sundal, Mauranger.

I nærleiken: Bondhusvatnet, Hardanger Fjord Lodge.

Pris per natt: 130 kroner + 30 kroner for straum.
 

Enes camping, Ænes

Enes Camping ligg i bygda Ænes, midt mellom Rosendal og Odda.

I nærleiken: Kiosk, Lakseparken.

Kapasitet: 10 plassar, kombinert bubil- og teltplassar.

Pris per natt: 100 kroner + 40 kroner for straum. I tillegg kostar det 30 kroner per vaksen og 15 kroner per barn.
 

Rosendal bubilparkering, Rosendal

Bubilparkering i Skålavika i Rosendal sentrum, på det tidlegare industriområdet.

I nærleiken: Butikkar, Folgefonnsenteret, Baroniet Rosendal, restaurantar, rådhus.

Kapasitet: 80 plassar.

Pris per natt: 250 kroner (tre døgn kostar 600 ved betaling første dag)


Rabben feriesenter, Uskedalen

Plass til bubilar ved tangen mellom elva og sjøen. Båthamna i bygda tilbyr også oppstillingsplassar.

I nærleiken: Butikkar, gymsal med klatrevegg.

Pris per natt: 150 kroner + 50 kroner for straum.


Husnes camping, Husnes

I Husnes sentrum ved Opsangervegen.

I nærleiken: Gry Helge's Bar og restaurant, Husnesparken, handlesenter, golfbane.

Pris per natt: 250 kroner inkl. straum.


Husnes båthamn, Husnes

Parkering ved båthamna i nærleiken av Hydro Husnes.

I nærleiken: Handlesenter, golfbane, Husnesparken, restaurantar.

Pris per nett: 150 kroner + 50 kroner for straum.


Halsnøy båt- og bubilhamn, Sæbøvik

Ligg ved sjøen på området til Halsnøy Samfunnshus i Sæbøvik sentrum.

I nærleiken: Butikkar, restaurant, Halsnøy Kloster.

Kapasitet: 10-12 plassar.

Pris per natt: 150 kroner inkl. straum.


Matre båtlag, Matre

Ligg ved båthamna i Matre.

I nærleiken: Bensinstasjon, badeplass, Sunnhordland Kraftlag si avdeling.

Pris per natt: 100 kroner + 50 kroner for straum.


Artikkeltags