MEININGAR Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Vi var glade for å lesa i Kvinnheringen torsdag 14. november at politikarane har bestemt seg for å freda skulane i denne omgang. Men som FAU-representantar ved Uskedalen skule kjenner vi på ei uro for framtida for skulen vår. Dette fordi vi er trygge på at debatten om skulestrukturen kjem opp att, og det om ikkje lenge. Vi ser utfordringa med at elevtalet er på veg ned, og innser at noko må gjerast med strukturen. Samtidig vil vi slå ring om Uskedalen skule, for vi meiner det er eit feilgrep å vurdera å legga ned denne skulen som ligg midt i den langstrakte kommunen. Vi ser mange fordelar med å behalda denne fine skulen vår.
Uskedalen skule er ein «gåskule». Det betyr at mange har sjansen til å kunna gå eller sykla til skulen på ein trygg og forsvarleg måte. Dette gjev gevinst både for folkehelsa og miljøet. Det fremjar klimapolitikken.
Beliggenheita til Uskedalen skule vil vi påstå er heilt unik. Vi har stranda 15 meter frå skuleveggen. Elevane har ved fleire høve fått nytta denne til bading i skuletida. Dei har fått fiska, drive med havprosjekt, forsking i strandsona og mykje meir. Lærarar ved Uskedalen skule har i sommar vore på kurs i utesymjetrening (coasteering) og opplæring i korleis ein skal ferdast trygt ved sjøen. No som det er eit nasjonalt fokus på nettopp dette, har vi i Uskedalen ypparlege høve til å gjennomføra dette utan ekstra kostnader. Sameleis har vi Uskedalselva der elevane ved fleire høve har vore nytta til kanopadling.
I tillegg har vi ein stor og innhaldsrik skuleplass med kunstgrasbane, klatrepark, leikeapparat, asfaltert rulleskiløype, friområde og skaterampe. Elevane får i skulesamanheng bruka fjell- og turstiar i området kvar veke. I eit folkehelseperspektiv er det ein kjempefordel at dei i tidleg alder får sjansen til å bli glad i fysisk aktivitet i naturen. Dette kan kanskje førebyggja trenden med stillesitjande ungdom?
Uskedalen har ein bustad- og infrastruktur som er godt tilrettelagt, og potensialet er større for vidare vekst. Utbygging av Ospelunden opnar for tilflyttarar og kanskje eit auka elevtal? Kvinnherad kommune har i dei siste åra satsa på å få folk til å flytta heim att gjennom «Kom heim-prosjektet». Ved å leggja ned skulen, vil bygda bli mykje mindre attraktiv å flytta til. FAU har snakka med fleire familiar som ville ha revurdert å flytta til Uskedalen dersom der ikkje var eit skuletilbod i bygda.
Uskedalen er ein attraktiv stad å bu, og er kjent for si gode dugnadsand. Her kan ein få til mykje! Vi har eit godt tilbod, og det vi treng for å få nye folk til bygda vår. Vi nemner butikk, frisør, blomsterforretning, bensinutsal, kafé og meir. Og heldigvis den flotte skulen som er ein samlingsplass for bygda i dei fleste høve. Skulen er her med på å skapa eit godt samhald og eit trygt miljø for barna å veksa opp i.
Skulen nyttar òg vår flotte aktivitetshall (med klatrevegg) til mange aktivitetar. Det er per i dag ei prosjektgruppe som arbeidar med å lage eit klatresenter tilknytt skulen. Dette vil i så fall forsterka skulebygget og lokalitetane ytterlegare.
Vi må òg løfta fram det fantastiske samarbeidet mellom dei to barnehagane i bygda og skulen vår. Nærleiken til skulen gjev ein trygg og god overgang frå barnehage til skule.
Vi er bekymra for tanken på berre to storskular i ein så langstrakt kommune. Vi trur ikkje det er vegen å gå for å skapa trygge skulebarn, og meiner det vil komma i konflikt med kommunen sin visjon om eit aukande innbyggjartal. Det fratar oss verdien ved å bu på små plassar.
Vi meiner at Uskedalen som bygd og Uskedalen skule har mykje å tilby, både for sine eigne og ikkje minst for bygdene rundt.
Styret i FAU ved Uskedalen skule