Midt i Hardangerfjorden, på Varaldsøy, ligg den største kyrkja i Kvinnherad. Den er frå 1885 og har sitjeplassar til 390. Denne kyrkja er den tredje kyrkja på Varaldsøy.

På 1300-talet og fram til 1729 stod det ei stavkyrkje som til slutt blas over ende. Då bygde dei ei enkel trekyrkje som stod fram til dei fekk bygd den kyrkja som står der i dag. Frå stavkyrkja har vi framleis ei gammal ljosekrone frå 1699 i kyrkja.

På 1800-talet var gruvedrift på Varaldsøy starta, og Varaldsøy var på mange måter eit sentrum ytst i Hardangerfjorden, og det var fleire bygder som sokna til Varaldsøy.

På søndag skal vi ha fellesgudsteneste i Varaldsøy kyrkje for alle sokna i Kvinnherad. Tek ein ferja bort, går det fint å gå opp til kyrkja på ein halv time. Ta gjerne med deg mat, for ei fin utflukt til Varaldsøy, som ligg midt i Hardangerfjorden.

Kjersti Brakestad Boge