Gå til sidens hovedinnhold

Ferja køyrte rett i fjøresteinane

Artikkelen er over 5 år gammel

I staden for å leggja til kai på Skjersholmane køyrde Norled si ferje MF "Hardingen" rett i fjøresteinane like før klokka 11 onsdag.

Roger Reigstad stod på kaien på Skjersholmane og venta på ferja frå Ranavik, då han la merke til at ferja tok ein heftig sving.

– Den må svinga litt styrbord for å leggja til kaien, men den dreia voldsamt styrbord, det såg nesten ut som den skulle snu. Så køyrde den inn i fjøresteinane, fortel Reigstad.

Han seier også at andre på kaien fortalde at ferja hadde fløyta to gonger før den trefte fjøresteinane.

– Eg høyrte det ikkje for eg sat inni bilen, men andre på kaien fortalde det. Den fløyta to gonger, nesten som for å varsla. Det kan jo henda at ferjemannskapet skjøna at dei hadde for stor fart inn mot kaien, og at dei i staden for å brasa inn i den valde å køyra inn i fjøresteinane, ein "mjukare" plass å treffa. Viss ein ikkje får redusert farten er jo det ei betre løysing, seier Reigstad til Kvinnheringen på telefon.

Han seier at ein del folk no er samla på kaien, nysgjerrige på kva som skjer vidare.

Ferjesambandet Skjersholmane–Ranavik har vore ustabilt i lang tid. Ferja "Hardingen" i rute 1 er den einaste som har gått stabilt i sambandet, medan medan MF "Strand" i rute 2 og reseveferjene har hatt problem ved fleire høve. No er rute 1 også innstilt.

Regionsjef i Norled, Inge André Utåker, seier til Kvinnheringen at dei no ventar på taubåt som kan dra ferja i dokk.

– Det var totalt 19 om bord; eit mannskap på åtte, ni passasjerar og to servicepersonar. Det var ingen personskadar, ingen vassintrenging, og ingen lekkasje av olje eller liknande ut i sjøen så vidt vi veit. Høgst sannsynleg skuldast uhellet teknisk svikt, men vi veit ikkje noko om årsak førebels. Sjøfartsdirektoratet skal om bord seinare for å sjekka opp i hendinga.

– Eit vitne spekulerte i om ferja kan ha køyrt på grunn for å unngå å treffa kaien i stor fart, kva trur du om det?

– Det vil eg ikkje kommentera no, det er umogleg å seia enno, og det blir berre spekulasjonar, seier Utåker til Kvinnheringen.

Var du om bord? Har du tips eller bilde? Ring oss eller send sms til tlf. 99 22 43 55!

Kommentarer til denne saken