Utsette ønsket om folkeavstemming

FEIL FOLK: Gretha Rød meinte at det var heilt feil at ferjeløysinga skal avgjerast av folk som ikkje bur i området som blir mest råka.

FEIL FOLK: Gretha Rød meinte at det var heilt feil at ferjeløysinga skal avgjerast av folk som ikkje bur i området som blir mest råka. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Gretha Rød (Ap) valde å utsetja folkeavstemming-ønsket ho kom med i ein interpellasjon, men trekte ikkje interpellasjonen då ho ønskte ein debatt.

DEL

Til kommunestyret torsdag hadde Gretha Rød (Ap) ein interpellasjon om ei folkeavstemming om kor det nye ferjesambandet skal gå. Dette fekk mykje blest i vekene før kommunestyret, då fleire var ueinige i interpellasjonen, deriblant leiaren i Kvinnherad Arbeidarparti, Leif Ove Mikkelsen. Rød trekte ikkje interpellasjonen under kommunestyret torsdag, men sa at intensjonen var debatt rundt ferjestøval og prosessen rundt det. Rød meinte at då prosessen var på langt nær avslutta, og ho i tillegg hadde fått fleire tilbakemeldingar, kunne ein kanskje vurdera ved eit seinare høve om det rette er å la folket bestemma.

– Det er heilt feil at ei slik avgjerd skal takast av folk som ikkje bur i det området som blir mest råka, sa ho.

Rød la også til at ho såg på nye ferjeløysingar på Stord som urealistiske. 

Då ordføraren tok ordet sa han at dei har lagt opp til ein open prosess, og at det er ingenting som er bestemt, sjølv om det kunne kjennast slik.

– Vi laga eit kart på nettet der folk kunne setja eit merke kor dei ønskte ferjestø. Fleire av dei vurderingane blei tatt med i vidare vurderingar. Det kan ein sjå i silingsrapporten, sa Slettebø.

Ordføraren sa han hadde god forståing for folkeavstemming, og at det var vanskeleg for kommunestyret å gjera det best mogleg for flest mogleg.

– Men det er det som er jobben vår, og det er den oppgåva vi har fått av folket.

Han minna også forsamlinga på at det vil komma ei høyring der alle kan komma med innspel, når prosessen kjem så langt.

– Då vil det også visast i høyringa om folket vippar i ei tydeleg retning. Men slik det er no, er det altfor tidleg med ei folkeavstemming. Saka er ikkje tilstrekkeleg utgreidd, og eg meiner også at vi må ivareta det demokratiske apparatet vi har, avslutta Slettebø.

Gaute Lund (SF) sa seg også einig med Rød i ei framtidig folkeavstemming, men var heilt ueinig i at det skulle skje i 2018.

Kai Morten Torget (KrF) var negativ til forslaget om folkeavstemming.

 – Om det blir Sunde, og folk ikkje har fått med seg at vi ikkje kan flytta ferjestøa før 2023, vil ikkje ferja gå frå Sunde før det. I det tidsrommet er det mykje som kan skje, sa Torget.

Artikkeltags