Ferjeentusiast på bibliotekturné

Harald Sætre har «dilla» på ferjer og fjordabåtar, og i kveld kan du høyra han fortelja frå bøkene sine på Kvinnherad bibliotek. (Arkivfoto).

Harald Sætre har «dilla» på ferjer og fjordabåtar, og i kveld kan du høyra han fortelja frå bøkene sine på Kvinnherad bibliotek. (Arkivfoto).

Forfattar Harald Sætre har i mange år interessert seg for ferjer og samferdsle i Hordaland. I kveld kjem han til Kvinnherad bibliotek.

DEL

Ferjeentusiasten legg ut på ein turné og vil halda føredraget «Dei kom tilbake – veteranferjer og fjordabåtar i Hordaland» på alle biblioteka i Sunnhordland frå 29. januar til 6. februar. I kveld held han føredrag på biblioteket på Husnes.

Den nyaste boka hans, «61 veteranbåtar på Vestlandet» handlar om farty som hurtigruta, fjordabåtar, fraktebåtar og agentbåtar, og frå denne fortel Sætre om dei mest sentrale veteranbåtane frå fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. I føredraget kjem han inn på ferjer som har vore ein viktig del av samferdsla i Hordaland og om dei gamle fjordabåtane og bilferjene som er tekne vare på her i fylket.

Forfattaren har skrive fleire bøker om veteranbåtar, rutebåtar og ferjer knytt til Hardanger Sunnhordlandske D/S: «Damp, diesel og pågangsmot», «Fram og tilbake over fjorden – om HSD, ferjer, ferjekaier og ferjeruter» og «Fram og tilbake til by'n» om rutene og båtane til HSD. I tillegg har Sætre vore medforfattar i jubileumsboka «Eit skip heitte Stord» og han har skrive ei rekkje artiklar og vore aktiv med føredrag i maritime miljø. Sætre, som er oppvaksen i Kvinnherad kommune, er engasjert i bevaring av lokalrutebåtane på Vestlandet. Han ønskjer å synleggjera det store arbeidet mange gjer for fartyvernet og det å ta vare på eldre rute- og fraktbåtar. Føredraget varer i rundt 45 minutt, og det er høve til spørsmål etterpå, melder Kvinnherad bibliotek i ei pressemelding.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags