Det var i føremiddag svært lange køar på Gjermundshamn

Ferjene slukte unna bra med trafikk søndag føremiddag på Gjermundhamn, men det var ikkje nok til å hindra at det vart ståande mykje bil igjen på føremiddagen. Det var nok mange slukøra kvinnheringar som måtte avslutta kvelden tidlegare enn planlagt på Tysnesfest kvelden før, som gjorde at det vart så stor trafikk. Til ferja som gjekk klokka 13.00 var det kø nesten heilt opp til butikken på Hatlestrand, og slik var det og til ferja etter.