Skal gå som normalt

Ferjekaien på Ranavik. (Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Ferjekaien på Ranavik. (Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Artikkelen er over 4 år gammel

Fleire hurtigbåtar og ferjer har vore innstilte på grunn av uvêret fredag. Laurdag skal alle sambanda gå som normalt, ifølgje Skyss.

DEL

Nesten alle ferjesambanda og hurtigbåtane til og frå Kvinnherad var fredag innstilt på grunn av uvêret, men laurdag skulle dei gå som normalt, ifølgje Skyss og Norled.

Fredag klokka 13.23 var statusen som følgjande:

Hurtigbåten Rygerfonn i Hardangerfjordekspressen mellom Rosendal og Bergen skal etter planen gå frå Uskedalen til Gjermundshamn klokka 14.25. Frå Gjermundshamn vil det bli sett opp buss vidare til Bergen. Ved enden av Sandavegen forbi Spar-butikken er avgangskai. Facebooksida Hardangerfjordekspressen oppdaterer med driftsmeldingar etter kvart.

Ferjesambanda Årsnes–Varaldsøy–Gjermundshamn og Skånevik–Matre–Utåker er innstilt.

I sambandet Ranavik–Skjersholmane går det berre èi ferje i rute 1, og den går frå Ranavik til og frå Jektevik, i staden for til Skjersholmane.

Ferjene mellom Fjelberg–Sydnes–Utbjoa går som normalt, etter det Kvinnheringen kjenner til.

Hurtigbåtane i Sunnhordlandsruta er innstilt inntil vidare.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken