Gå til sidens hovedinnhold

Må venta minst to timar

Artikkelen er over 5 år gammel

Passasjerane på ferja Hardingen må venta to timar på taubåt. I mellomtida prøver mannskapet å gjera det beste dei kan for passasjerane, og serverer blant anna mat og kaffi. Sjå fleire bilde tatt av passasjerar på ferja nedst i saka!

Synnøve Maria Hjelmeland frå Herøysundet er på ferja som er gått på grunn ved Skjersholmane, saman med sambuaren sin. Ho var på veg til Stord for ultralyd-time.

– Det er keisamt å gå glipp av ultralydtimen, men eg får berre bestilla ein ny. Det er ikkje anna å gjera enn å venta til vi får komma av ferja. Mannskapet er kjekke og greie med oss, gir oss informasjon og mat og kaffi, og stemninga er god, trass i situasjonen, seier Hjelmeland.

– Var det noko dramatikk då ferja gjekk på grunn?

– Nei, eigentleg ikkje. Det verka å vera ganske mjukt underlag den køyrte på, for vi høyrte ikkje noko brak eller merka noko særleg rørsle.

Kvinnheringen vil takka alle som har sendt oss bilde.

Kommentarer til denne saken