Ope for bilar til Varaldsøy

Ferja kan ikkje ta med seg bilar til og frå Varaldsøy. (Arkivfoto)

Ferja kan ikkje ta med seg bilar til og frå Varaldsøy. (Arkivfoto)

Artikkelen er over 2 år gammel

Ferjestøet på Varaldsøy fekk juling av stormen i går, og bilar kom ikkje frå eller til øya. Klokka 10.00 var det funne ei løysing og bilar kan igjen koma til og frå Varaldsøy.

DEL

Norled har sendt ut ei melding om at ferja vil gå som normalt og ta med seg persontrafikk, men at det ikkje er mogleg å ta med bilar til Varaldsøy. Mannskapet om bord på M/F «Hordaland» seier til Kvinnheringen at reparatørar er på veg for å sjå på skaden på ferjekaien, men at det per no er uvisst om skaden kan reparerast på staden, eller om det må større tiltak til slik at det vil ta lenger tid å reparera. Meir vil vera klart i seinare i føremiddag. 

Og klokka ti kunne dei koma med den kjekke nyhenda, no får dei bilar om bord og av ferja på Varaldsøy.

Elles er alle ferjer og snøggbåtar i rute att i morgontimane i dag.

Har du tips eller bilde frå herjingane til stormen er vi takksame, om du har kan du senda til redaksjon@kvinnheringen.no

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags