Ferja er komen laus

Ein taubåt prøvde å dra ferja av grunnen ved 14.30-tida, men fekk berre rikka den nokre centimeter. (Mobilfoto: Synnøve Maria Hjelmeland).

Ein taubåt prøvde å dra ferja av grunnen ved 14.30-tida, men fekk berre rikka den nokre centimeter. (Mobilfoto: Synnøve Maria Hjelmeland).

Artikkelen er over 3 år gammel

SISTE: Rundt klokka 16.30 fekk taubåten endeleg ferja laus frå grunnen ved Skjersholmane.

DEL

Ferja MF "Hardingen" la aldri til kai som den skulle, men gjekk i staden på grunn utanfor kaien ved Skjersholmane onsdag klokka 11. Det var ingen dramatikk rundt grunnstøytinga, men dei ni passasjerane om bord måtte bli på ferja.

I 14.30-tida prøvde ein taubåt å slepa ferja av grunnen, men måtte gi seg. Klokka 15.45 ondsdag opplyste Inge Andre Utåker i Norled til Sunnhordland at roret til "Hardingen" stod fast på fjell, og at ein måtte venta på tidevatnet.

Kvinnheringen spurde passasjer Synnøve Maria Hjelmeland frå Herøysundet rundt klokka 15.50korleis stemninga var om bord.

- Den er ikkje på topp. Vi er leie av å venta no.

Klokka 16.30 meldte Hjelmeland frå til Kvinnheringen at taubåten endeleg hadde klart å få ferja av grunnen, og at den var på veg til land.

Les også:

Ferja køyrte rett i fjøresteinane

Må venta minst to timar

Ferjetrøbbel på Ranavik

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags