Staten: Derfor kvalifiserer ikkje Skjersholmane–Ranavik til ferjeavløysingsmidlar

Fylkesordføraren ber staten godkjenna sambandet Kvinnherad-Stord for ferjeavløysingsmidlar. (Arkivfoto).

Fylkesordføraren ber staten godkjenna sambandet Kvinnherad-Stord for ferjeavløysingsmidlar. (Arkivfoto).

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun peiker i eit brev til samferdselsdepartementet på kor viktig det er at ein får innkorta ferjesambandet mellom Kvinnherad og Stord.

DEL

Fylket har bede samferdselsdepartementet om ei førehandsavklaring og overslag på ferjeavløysingsmidlar for innkorting av ferjesambandet Skjersholmane–Ranavik. I svarbrevet har departementet vurdert det til at ei innkorting av dette sambandet ikkje kvalifiserer til desse midlane, då det ikkje er planar om bru eller undersjøisk tunnel.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun svarer departementet ved å visa til retningslinjene for ferjeavløysingsordninga, der det står at eit ferjeavløysingsprosjekt inneber at det blir bygd eit nytt vegsamband, vanlegvis ei bru eller ein undersjøisk tunnel med tilhøyrande vegnett, som erstattar eller kortar inn på eit ferjesamband.

– Formuleringa «vanlegvis» inneber etter mi vurdering at ordninga ikkje må tolkast såpass restriktivt som departementet har lagt til grunn.

Eg minner på at når Statens Vegvesen flytta ferjestø på stordsida frå Leirvik til Skjersholmane i 2003, vart dette sett på som ei mellombels ordning fram til ein fann ny lokalisering av ferjestø på stordsida. Grunna tidlegare forsøk har stranda, har kommunane bede fylkeskommunen om å bistå med å finna ei løysing. Fylkeskommunen er tiltakshavar for sambandet, skriv Hestetun i brevet til departementet.

Kan ikkje løfta åleine

Ho peiker på at ferjesambandet mellom Skjersholmane og Ranavik tek om lag 40 minutt, medan det potensielt kan vera mogleg å halvera overfartstida med same hastigheit. Hestetun skriv òg at fylkeskommunen ser på arbeidet med innkorting som svært viktig for innbyggjarane og næringslivet i regionen. I tillegg meiner ho det er viktig i høve til planane med realisering av E39 Hordfast, dette for å gi innbyggjarane i Kvinnherad kortare veg mot Bergen enn via alternative ruter. Ei innkorting vil òg gi mindre bruk av drivstoff og følgjeleg mindre utslepp, skriv ho, samt at ho peiker på at ein får eit betre driftsopplegg med høgare frekvens på ferjene. Og ikkje minst, meiner Hestetun at innkortinga er viktig for næringsutvikling og regional utvikling i Sunnhordland.

– Hordaland fylkeskommune har store utfordringar på fylkesvegnettet, og eg kan ikkje sjå at fylkeskommunen kan løfta eit prosjekt åleine, sjølv med bompengefinansiering av eit nytt samband. Dette betyr i praksis at vi truleg vil vera avhengige av ferjeavløysingsmidlar for å kunne realisera innkorting av sambandet. Eg kan difor ikkje sjå at godkjenning av sambandet som ferjeavløysingsprosjekt vil medføra utgifter for staten, skriv Hestetun, som følgjeleg ber statsråden syta for at innkortinga kjem under ordninga med ferjeavløysingsmidlar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags