Røyret har på eitt eller anna vis losna og blitt drege med ein hurtigbåt, slik at det blei liggjande å flyta i sjøen utanfor ferje- og hurtigbåtkaien på Ranavik. Passasjerar på staden fortel at både ferje og hurtigbåt fekk problem med å leggja til kai.
- Det stemmer at et røyr blei drege med ein båt med eit uhell. Årsaka til dette veit vi ikkje, men vêrtilhøva var jo ikkje dei beste, så det kan ha vore vêr og vind som gjorde dette, fortel kaptein Lars Bukkøy på M/F Bjørnefjord.
Han seier at det blei rydda opp i røyr-rotet ganske kjapt.
- Éi ferje blei 15 minutt forseinka. Men alt er i orden no, og trafikken går sin gang som den skal, seier han.