Enstad etter tunnel-vedtaket: – Ferja bør no gå frå Sunde

Ap-politikar Hilde Enstad meiner vedtaket frå regjeringa opnar opp for ny ferjedebatt igjen. – Ap gjekk til val på Sunde–Jektevik. Ein del menneske på Halsnøy er uroa for auka trafikk over øya, særleg tungtrafikk. Det må vi ta på alvor, og derfor vil vi flytta ferja, seier ho.