Fekk svar frå fylket om ladestasjonar på ferjekaiane

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Måndag skreiv Kvinnheringen om ferjeleie og ladestasjonar, og korleis dette eventuelt bør påverka val av ferjekaiar i Kvinnherad–Stord-sambandet. Same dag fekk Peder Sjo Slettebø svar frå fylket i saka:

«Kontrakten med operatøren er utforma slik at det er operatøren som kjøper inn og driftar utstyret, men dette vert eigd og finansiert av Hordaland fylkeskommune. Om utstyret må flyttast, er det ei endring i kontraktane der fylkeskommunen har ansvar for endring av kontraktføresetnadene. Det inneberer at flytting av utstyret vil måtta inngå i finansieringsplanen for nytt ferjeleie, og fylkeskommunen har ansvar for å utarbeida denne.

Flytting av ferjeleie vil ikkje gje verken meir eller mindre i Enova-støtte, slik at denne vert uendra.

Utstyret er staduavhengig, dvs. at sjølve ladeutstyret kan flyttast og brukast på ny plass. Det er difor ikkje behov for å kjøpa nytt utstyr. Det er likevel knytt kostnader med å flytta utstyret, og ikkje minst kan det gi kostnader om det er naudsynt å oppgradera nettkapasiteten i området.

Det er følgjeleg ikkje mogleg å gje eit eksakt svar på kor stor kostnaden blir for å flytta ladestasjonar – det vil variera med ulike lokalitetar særleg i forhold til nettkapasiteten i området».

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags