Mange irriterte bilistar blei ståande igjen på kaien på grunn av trailer med farleg last

Ein trailer med farleg last gjorde at berre 15 andre bilar kom med 17.10-ferja frå Gjermundshamn. (Foto: Vidar Alfarnes).

Ein trailer med farleg last gjorde at berre 15 andre bilar kom med 17.10-ferja frå Gjermundshamn. (Foto: Vidar Alfarnes).

Artikkelen er over 2 år gammel

Igjen opplevde bilistar å måtta stå over ei ferje fordi det dukka opp ein trailer med farleg last. Det var lite populært ein fredag kveld.

DEL

Fredag ettermiddag var det mange bilistar som skulle ta 17.10-ferja frå Gjermundshamn. Men først i køen stod ein trailer med farleg last, som gjorde at ferja berre kunne fyllast opp med rundt 15 bilar med til saman 25 personar i på grunn av tryggleiken. Mange mildt sagt irriterte bilistar måtte dermed venta på neste ferje. Det var ikkje sendt ut varsel om redusert kapasitet frå Norled si SMS-teneste. På grunn av at så mange bilar måtte stå over ein ferjetur, fylte kaien seg fort opp, og til ferja kl. 18.10 var det tre fulle filer. Truleg måtte dei som stod sist i køen også stå over ei ferje på grunn av kapasitet.

For to veker sidan skjedde det samme i sambandet Skjersholmane–Ranavik-sambandet, og bilist Ivar Nesse meinte praksisen med varsling burde endrast i forhold til køyretøy med farleg last:

– Om desse sjåførane ikkje gir melding frå om at dei kjem på ferja i forkant, meiner eg det i alle fall kunne ha vore ei ordning med at dei måtte bli ståande å venta ein time eller to på kaien før dei fekk koma med ferja, slik at Norled hadde hatt tid til å senda ut varsel og åtvara andre bilistar om redusert kapasitet på den aktuelle ferja, seier Nesse.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags