Ønskjer folkeavstemming om plassering av ferjestø

Ønskjer fleirtalet av innbyggjarane å ha ferjestø her på Sunde, eller på Klosterneset? Gretha Rød vil halda folkeavstemming. (Arkivfoto).

Ønskjer fleirtalet av innbyggjarane å ha ferjestø her på Sunde, eller på Klosterneset? Gretha Rød vil halda folkeavstemming. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Til kommunestyremøtet 26. april har Gretha Rød i Kvinnherad Arbeidarparti sendt inn ein interpellasjon om folkeavstemming for plassering av ferjestø på Kvinnherad-sida.

DEL

Ho viser til paragraf 39 b i Kommunelova, som omhandlar at kommunestyret kan bestemma at det skal haldast rådgjevande, lokale folkeavstemmingar.

Konsulentar held på med å sortera ut forslag til plassering av ferjestø på Kvinnherad-sida. Det er likevel folket som bur i kommunen som best veit kva som må vektleggast for eit slikt vedtak, og avgjersla vil vera viktig for dagens og framtidas kvinnheringar. Derfor vil eg be kommunestyret om å sleppa innbyggjarane til ved at det vert halde ei rådgjevande, lokal folkeavstemming, skriv Rød i interpellasjonen.

Ho har følgjande forslag til vedtak:

1. Kommunestyret vedtek folkeavstemming for plassering av ferjestø på Kvinnheradstida for ferjeanløp mellom Kvinnherad og Stord.

2. Alternativa for plassering vert mellom Sunde og Klosterneset (eventuelt ein annan stad på Halsnøy).

3. Viljen til fleirtalet av stemmene frå innbyggjarane må vega sterkt når endeleg avgjersle av plassering av ferjestø vert vedteke.

4. Det skal arrangerast møte for folkedebatt i forkant av folkeavstemminga der representantar for ulike syn får leggja fram sine argument og bli utfordra av innbyggjarane.

5. Rådmannen set omgåande i gang med å førebu folkeavstemminga og legg fram korleis dette praktisk kan gjennomførast (oppdatera manntal, tidspunkt, skriftleg/elektronisk, lokalitetar, førehandsstemming osb.).

6. Stemmevilkår (vl. §§ 2-2 jf. 2-1):

a) Bustadadresse i Kvinnherad kommune.

b) Nedre aldersgrense 16 år.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags