Nye ferjestø – bortkasta tid og ressursar?

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

MEININGAR:Kva er viktig for Kvinnherad si samferdsle mot vest i dag og i framtida? Slik eg ser det er fornuftig tilknyting til E39 det viktigaste. Då må ein setja inn ressursane på å få realisert sørleg kryssing av Nuen for E39. Dette er eit vedteke mål for alle kommunane i Sunnhordland, unntatt Fitjar. Arbeidet med sørleg kryssing burde vera førsteprioritet for dei lokale stortingsrepresentantane våre. Korleis arbeider dei med denne utfordringa mot departement og regjering?

Her lokalt har me gruppa Kvinnherad, Stord og fylket som diverre ikkje heilt har forstått kor viktig det er med sørleg kryssing av Nuen. Dei sløsar bort pengar på  unødvendige konsulenttenester. Tenester som ein kvar med passar og kart kunne gjort gratis!

Kvifor skal me provosera stordabuen endå ein gong med planar for nye ferjestø? Alle veit at dei som går inn for noko slikt på Stord er politisk død ved neste kommuneval. E39 skal fram, og sørleg kryssing bør difor vera viktigast også for dei stordabuane som bur på Huglo. Kva er vitsen med å knyta Huglo til Tysnes dersom vegen til kommunesenteret vert 25 km lengre med midtre kryssing?

For oss i Kvinnherad må ein tenkja samferdsle for «folk flest», og då må omvegen over Halsnøy fjernast. Det kan ta si tid, sidan e-bil-bruken reduserer inntektene til Halsnøytunnelen. Kanskje er ikkje tunnelen nedbetalt før i 2028. På grunn av uakseptabel konflikt med Halsnøy kloster har Riksantikvaren, ved Hordaland fylkeskommune, motsegn mot ny veg forbi Halsnøy kloster. Korleis skal ein då koma seg til eit eventuelt ferjestø på Klosterneset?

Det som tel no er å halda tunga beint i munnen og jobba hardt for sørleg kryssing i Nuen. Kryssing av Nuen kjem truleg før ein har krangla seg fram til nye ferjestø. Så då har me Sunde – Jektevik før brua og Sunde – Hodnaneset etter brua. Kan nokon forklara meg kvifor dette ikkje er fornuftig?

Per Henrik Opdal,

tysnesing og kvinnhering

Artikkeltags