Vurderer å kjøpa strandeigedom på Stord

Kan vera lurt: Ordførar Peder Sjo slettebø trur det kan vera ein fordel for Kvinnherad kommune å eiga eit areal nær strandsona på Stord. (Arkivfoto).

Kan vera lurt: Ordførar Peder Sjo slettebø trur det kan vera ein fordel for Kvinnherad kommune å eiga eit areal nær strandsona på Stord. (Arkivfoto).

I dagens utgåve av avisa Sunnhordland er det annonsert at Kvinnherad kommune vurderer å kjøpa strandeigedom på Stord. Ordførar Peder Sjo Slettebø avvisar ikkje at ein ser på alternativ for ferjekai.

DEL

I annonsen står det at ein vurderer kjøp av areal mellom Djupavika i sør til Grov i nord.

– Dette er noko eg har tenkt på ei stund. Viss det dukkar opp nokon interessante eigedommar, og ein får forhandla fram ein god pris med eigar, kan det vera aktuelt å leggja det fram for Formannskapet med tanke på kjøp, forklarer Peder.

– Har de ferjekai på Stord i tankane med dette påfunnet, sidan det er snakk om eit område der det tidlegare har vore vurdert ny ferjekai?

– Eg forstår at folk kanskje tenker i dei banar, og eg vil ikkje avvisa at eigedommen kan bli brukt til det. Vi skal no i samarbeid med Stord og Tysnes utgreia Sunnfast, men det kan liggja langt fram i tid. Då kan det vera greitt å sjå på kva alternativ ein har. Men det er ikkje første gongen Kvinnherad har vurdert kjøp av areal utanfor kommune-grensene, Aksel Kloster ville jo i si tid kjøpa Austevoll for éi krone. Eg meiner det kan vera bra for Kvinnherad å ha fast eigedom på Stord.


Artikkeltags