MEININGAR Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg viser til ope brev frå Husnes Vekst publisert i Kvinnheringen 2. juli om å flytta ferjesambandet Kvinnherad–Stord frå Ranavik–Skjersholmane til Sunde–Jektevik. Eg beklagar seint svar.
Det er bra med engasjement, og vi deler dykkar oppfatning om at sambandet Ranavik–Skjersholmane er ei dårleg løysing for trafikken mellom Stord og Kvinnherad. Skal fylkeskommunen gå inn for ei endring av ferjeleie på strekninga mellom Stord og Kvinnherad, må det likevel føra til ei vesentleg betring av tilbodet. Eg vil her kommentera nokre av dei synspunkta som kjem frå Husnes Vekst.
Hordaland fylkeskommune har inngått kontrakt med Fjord 1 i ni år med opsjon på ytterlegare eitt år frå 2020 for drift av ferjesambandet Skjersholmane–Ranavik. Ny kontrakt vart inngått ettersom dei gamle kontraktane gjekk ut. Dei nye avtalane har i tråd med fylkestinget sitt vedtak, og i tråd med tilsegn om støtte frå Enova, krav om reduksjon i klimagassutslepp og reduksjon i energiforbruk. Fylkeskommunen har i avtalane forplikta seg til å leggja til rette for lading på ferjekaiane, under dette Ranavik ferjekai.
Elektrifisering av alle fylkesvegsambanda skal gjennomførast frå 1/1- 2020, og for dei fleste av sambanda er bygginga av naudsynt infrastruktur i rute.
Ved Ranavik ferjekai er det planlagt, og delvis sett i gang med, bygging av ladeplugg, fortøyingsautomat, teknisk bygg, transformator, ny kraftkabel og ny snøggbåtkai. Bygging av installasjonane på ferjekaien kan først ta til når snøggbåten er flytta til den nye snøggbåtkaien. Bygginga av ny snøggbåtkai er forseinka, og den vil truleg først stå ferdig i desember 2019. For dei andre installasjonane, som ikkje er avhengige av at snøggbåten blir flytta, vil bygging ta til så snart detaljprosjekteringa er ferdig.
Det er fleire grunnar til at Jektevik ferjekai må utvidast dersom ferja til Kvinnherad skal gå her.
For det første må det av omsyn til trafikkavviklinga på kai vera separate oppstillingsfelt for trafikk både til Hodnanes, Huglo og Sunde. Dette vil krevja meir areal enn det som er tilgjengeleg i dag for oppstilling.
Om ferja til Hodnanes og ferja til Sunde skulle brukt same kaiplass, måtte ruteopplegget bli takta ulikt slik at ferjene er der på ulike tidspunkt. Det vil i praksis seia at ei ferje må vente på at den andre gjer seg ferdig på kaien, og resultatet av dette er færre avgangar. Særleg er dette utfordrande ved elektriske ferjer, som krev ei viss liggetid for å få lada fartøya. Ved forseinkingar og driftsavbrot vil ferjene på same måte kunna hindra kvarandre.
Vidare er ein avhengig av ein batteribank på land ettersom det blir brukt mykje energi i samband med lading av ferjene. Om same ladestasjon skal brukast for begge ferjene, vil det krevja ein langt større batteribank. Uansett ein eller to ferjekaiar, vil det bli naudsynt å oppgradera straumnettet i området for å få tilstrekkeleg energiforsyning til to ferjesamband.
Det er rett at same ladestasjon kan brukast begge stader. Flytting av ladestasjon er derimot kostnadskrevjande. Ikkje minst kan det forventast å komma store kostnader til oppgradering av straumnettet og til installasjon av batteribank, i tillegg til at det må byggjast ein ny trafostasjon.
Vidare er eg kjend med at det kjem ei ny innfartsparkering på Sunde grunna at kapasiteten er sprengt på dagens innfartsparkering på Sunde ferjekai. Den nye innfartsparkeringa vil ikkje ha kapasitet til å ta all parkering til snøggbåten, det vil difor uansett vera behov for å utvida innfartsparkeringa ved Sunde om denne igjen vert teken i bruk som ferjekai.
Husnes Vekst meiner at det er behov for å gjera noko med vegen på Halsnøy når bompengane blir borte på strekninga. Eg er godt kjent med at vegen over Halsnøy har ein varierande standard. Som følgje av dette er det i Kvinnheradpakken lagt til grunn ei utbetring av strekninga fv 544 Sæbøvik–Eidsvik ved å betra vegstandarden og leggja til rette for mjuke trafikantar. Når det gjeld vegen forbi Brekka på Tofte, der grunnen er vanskeleg for vegbygging, vil SVV i samarbeid med kommunen sjå på moglegheit for å leggja gang- og sykkeltilbod på alternativ veg i området. Desse tiltaka løyser ikkje alle utfordringane på Halsnøy, men vil betra trafikktryggleiken i dei områda på Halsnøy der det bur mest folk.
Elles vil eg nemna at trafikken mellom Tofte og Sæbøvik i 2018 vart rekna til 2307 i ÅDT, mens trafikkmengda mellom Eidsvik og Sæbøvik ligg på mellom 2000 og 2500 i ÅDT. Ferja hadde same år ein ÅDT 426. Det betyr at det aller meste av trafikken på denne strekninga er lokaltrafikk. I utrekningar som vart gjort med transportmodell i samband med Hordfast, er det rekna med ei trafikkmengde på 600 ÅDT (utan bompengar og med ein generell årleg auke i trafikken) på strekninga Ranavik–Skjersholmane for år 2050.
Det blir innført bompengar på ferja som ledd i Kvinnheradpakken. Den generelle bompengetaksten er rekna til 39–45 kroner i takstgruppe 1 og 78–90 kroner i takstgruppe 2. Dette vert rimelegare enn dagens bomstasjon for Halsnøysambandet, men det vil ha ein viss trafikkregulerande effekt. Vi veit ikkje heilt sikkert i dag korleis dette vil slå ut, men Statens Vegvesen har i sine modellar lagt til grunn ein avvisingseffekt på 18 prosent.
Utan at vi veit eksakt kva trafikken på Ranavik–Skjersholmane vil bli ved nedlegging av bomstasjonen ved Halsnøysambandet, meiner vi at det ut i frå tala nemnt ovanfor ikkje vil føra til nokon stor auke i trafikken over Halsnøy. Rett nok er all auke negativ grunna den dårlege vegstandarden, men eg kan ikkje sjå at trafikksituasjonen blir dramatisk endra.
Husnes Vekst meiner at den auka trafikken kan føra til at oppstillingsplassen på Ranavik må utvidast. Eg kan ut i frå tala ovanfor og ut i frå dagens situasjon på Ranavik ikkje sjå at det er behov for å auka kapasiteten på ferjeleiet.
Som Husnes Vekst peikar på, vil eit samband Sunde–Jektevik gje noko innspart reisetid både mellom Husnes og Stord, samt mellom Husnes og Bergen.
Hordaland fylkeskommune fekk utarbeidd eit framlegg til planprogram og silingsrapport for sambandet Stord–Kvinnherad. Denne er som kjent ikkje sendt på høyring, ettersom Stord kommunestyre vedtok å utsetja saka. Det vart her valt å arbeide vidare med det som i rapporten blei kalla Konsept 2, som var kort samband til Halsnøy. Grunngjevinga for dette vart at det er det einaste som kan gje eit kort og effektivt ferjesamband med stive halvtimesruter og som har høgast trafikkgrunnlag. Det er også i denne rapporten lagt stor vekt på målet om å styrkja Sunnhordlandsregionen. Konsept 2 er det einaste av konsepta som gir stor innkorting av reisetida til Stord/E39 for heile Kvinnherad, inklusiv Halsnøy. I planarbeidet ønska representantane frå Stord at også Jektevik–Sunde vart utgreidd vidare, då det alternativet gjev lågare kostnader. Det vart samstundes peikt på at dette alternativet er det som gjev lågast trafikkgrunnlag og regional nytte.
Avtalen fylkeskommunen har med kommunane Stord, Kvinnherad og Tysnes er at ein no først skal få utgreidd Sunnfast, før ein går vidare med å vurdera framtidig ferjesamband. Ordførar i Kvinnherad har også vore tydeleg på at kommunen ikkje har til siktemål å ta nye initiativ i saka til dess Sunnfast-utgreiinga ligg føre. Etter dette vil vi i samarbeid med kommunane sjå om det er mogleg å komma fram til eit meir framtidsretta samband i regionen.
Håkon Rasmussen
Fylkesdirektør samferdsel