– Gå for Sunde–Jektevik no

Oktober 2011 var ferjekaien på Sunde i bruk på grunn av teknisk feil på Ranavik. Gretha Rød (Ap) meiner Sunde–Jektevik er eit meir framtidsretta samband å byggja ut ferjeladestasjonar på. (Arkivfoto).

Oktober 2011 var ferjekaien på Sunde i bruk på grunn av teknisk feil på Ranavik. Gretha Rød (Ap) meiner Sunde–Jektevik er eit meir framtidsretta samband å byggja ut ferjeladestasjonar på. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Gretha Rød (Ap) har oppmoda ordføraren til å følgja prosessen med ladestasjonar på ferjekaiane. Ho fryktar det kan bli spikaren i kista for ny ferjestrekkje til Stord om stasjonane kjem på dagens ferjekaiar.

DEL

I 2020 tar som kjent Fjord 1 over sambanda Skjersholmane–Ranavik og Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes, medan Boreal Sjo AS tar over Utåker–Matre–Skånevik. Dagens ferjer skal etter planen erstattast med elektriske. I samband med dette tok Gretha Rød (Ap) til ordet i spørsmålsrunden i kommunestyret førre torsdag, og spurte om ordføraren kan følgja opp prosessen med oppføring av ladestasjonar mellom Kvinnherad og Stord.

– Ladestasjonane krev store mengder straum, og kostar nok betydelege summar å setja opp. Eg meiner det er lite framtidsretta om desse då blir sette opp på Ranavik og Skjersholmane, for det fryktar eg vil binda oss til dette sambandet i uoverskodeleg framtid. Eg spurde òg ordføraren om han kunne svara på kva det eventuelt vil kosta å flytta desse ladestasjonane i ettertid. Og er det i så fall skattebetalarane som må ta den kostnaden? seier Rød til Kvinnheringen.

Ordføraren sa at han ville koma tilbake til henne med svar.

Fastlandssamband

Rød meiner medisinen hadde vore å skunda seg å vedta nytt samband mot Stord, og meiner då Sunde–Jektevik er den beste – og truleg einaste – løysinga utanom den ein har i dag.

– Ein har fått mange stadfestingar på dette opp igjennom, og seinast i Stord kommune sitt kommunestyremøte den 7. april, at Stord ikkje ønskjer å ta i bruk ny, urørt strandsone for å få nytt ferjeleie mot Kvinnherad. Men på Jektevik er det allereie ferjekai, og sjølv om reisetida med ferja blir bortimot lik som den vi har i dag, er Sunde–Jektevik eit betre alternativ med tanke på reiseveg til og frå ferja. Og på Jektevik blir ein knytt opp til offentleg kommunikasjon, seier Rød.

Ho meiner ein bør bruka pengane ein sparar på ikkje å byggja ny ferjekai til å jobba for å realisera fastlandssamband mellom Kvinnherad og E39.

– Gå for Sunde-Jektevik no, og få opp ladestasjonane her i staden for, er Rød si sterke oppmoding.

– Overfartstid viktig

Ordførar Peder Sjo Slettebø (H) seier han har oppretta dialog med fylkeskommunen for å prøva å få svar på Rød sitt spørsmål om ladestasjonane.

– Eg har retta spørsmålet om eventuell flytting og kostnadar til fylkes-kommunen, og ventar på svar. Men eg tar det for gitt at dette er noko fylkeskommunen har i bakhovudet, all den tid dei har ein prosess gåande med Stord og Kvinnherad om framtidig ferjeleie, seier Slettebø.

– Kva med Rød sitt forslag om å byta til Sunde–Jektevik?

– Det er ein dårleg idé. Sunde–Jektevik har like lang overfartstid som den vi har i dag. Og no som vi får elektriske ferjer er det viktigare enn nokon gong at vi får korta inn denne tida. Ikkje minst fordi ferjene må ladast, noko som etter det som er varsla vil gi færre avgangar. Det er heller ingenting som tyder på at dei elektriske ferjene vert raskare enn dei vi har i dag, noko som talar ytterlegare for kortare overfartstrekkje, seier han.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags