Tilbake i normal drift

Kraftig vind stoppar hurtigbåtane i Sunnhordland. (Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Kraftig vind stoppar hurtigbåtane i Sunnhordland. (Illustrasjonsbilde frå arkivet).

Artikkelen er over 4 år gammel

Tysdag morgon var hurtigbåten mellom Sunde og Leirvik innstilt på grunn av dårleg vêr. Etter klokka 13 gjekk båten som normalt igjen.

DEL

Norled meldte tysdag morgon at MS «Tranen» i rute 2 og MS «Tedno» 3 i Sunnhordlandsruta var innstilt inntil vidare på grunn av dårleg vêr, og at berre MS «Admiralen» i rute 1 mellom Leirvik og Bergen gjekk.

Kvinnheringen snakka med kaptein på ferja MF «Stallovarre» som måtte innstilla første avgang mellom Årsnes og Gjermundshamn. Kaptein Steinar Maurangsnes fortalde at mannskapet vurderte vêrsituasjonen frå time til time, men at dei prøvde å oppretthalda normal drift.

OPPDATERING: Seinare på dagen sendte Norled ut ny sms om at hurtigbåtane i rute 2 og 3 i Sunnhordlandsruta var tilbake i normal drift.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags