Ferja tilbake til Sunde i april

SUNDE: Frå 20. april skal ferja igjen gå frå Sunde. Her frå oktober i 2011.

SUNDE: Frå 20. april skal ferja igjen gå frå Sunde. Her frå oktober i 2011.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Dette er ingen aprilspøk, men frå 20. april skal ferja gå frå Sunde til Skjersholmane, og ikkje frå Ranavik.

DEL

Kjem du om bord i ferjene som går i dag, heng det no oppslag om at ferja i ein periode skal gå frå Sunde til Skjersholmane, og ikkje frå Ranavik.

Årsaka til flyttinga er at ferjekaien på Ranavik skal reparerast. Men dei som håpar at dette skal vera for evig og alltid blir nok dessverre skuffa. Det varar berre i fjorten dagar, og i denne perioden vil det vera dei på Halsnøy som må pendla til Sunde for å ta ferja.

Utbetringane skal skje frå førskommande måndag den 20. april og til måndag 4. mai.

Assisterande regionsjef i Norled, Lars Juvik, reknar med dette arbeidet vil gå greitt innanfor dei 14 dagane som er sett av, men nokre utfordringar blir det for både ferjeselskap og dei reisande.

— I og med at vi får ei ferjereise på tre-fire kilometer meir blir seglingstida for ferjene lengre. I denne perioden vil det dermed bli timesavangar, og ikkje avgangar kvart 45. minutt, slik det er i dag, forklarar Juvik.

— Vi har laga ein ny rutetabell som vi vil gå ut med, utanom dette er det Statens vegvesen som har ansvaret for å informera om at ferja no skal gå frå Sunde.

Juvik reknar med det skal gå greitt med trafikken i denne perioden. Men ein ting lovar Juvik; det blir ikkje ei permanent flytting. Ferja skal tilbake til Ranavik.

Rolf Nordeide i Statens vegvesen seier at det er eine søyla på kaien som er litt laus i botnen. — Dette er vi nøydde til å ordna så snart som mogleg. Vi har avstiva den mellombels, og det går bra fram til vi får starta reparasjonen, seier Nordeide

— For å få gjort arbeidet må vi ha dykkar og halda på i ei god veke, den neste veka må betongen herda, så det blir fjorten dagar med ferje frå Sunde, seier Nordeide. Hurtigbåtane vil gå som normalt frå både Ranavik og Sunde.

Som kjent er det mange som parkerer på kaien på Sunde, og Nordeide er redd det kan bli litt kaotisk dei 14 dagane.

— No blir parkeringa avgrensa, og det skal skiltast og merkast opp. Vi vil stenga den eine sida med skråparkering for å få tilstrekkeleg plass for ferjebilane. Håpet er å unngå trafikkaos, men vi er litt redde for det.

Nordeide seier at nokre som parkerer på Sunde må finna andre løysingar.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags