Sigrid inn for Gloppen

MF Sigrid. (Pressefoto).

MF Sigrid. (Pressefoto).

Artikkelen er over 4 år gammel

For å få kabalen til å gå opp i påskeveka har Norled leigd ferja MF «Sigrid» av Boreal Transport til å gå i rute to i sambandet Ranavik–Skjersholmane fram til andre påskedag.

DEL

Vanlegvis er det MF «Gloppen» som går i rute to, men den erstattar no MF Bjørnefjord i sambandet Leirvåg–Sløvåg, fordi MF «Bjørnefjord» går i Sognefjorden.

Ein lesar som reiste med MF «Sigrid» i løpet av helga skrytte av kor rein og velstelt salongen i andre etasje var:

– Eg trur den er over 20 år gammal, likevel var den svært velhalden. Seta var utan hol og slitasje og gode å sitja i, salongen var rein og fin. Eg spurde faktisk billettøren om eg måtte betala ekstra for å få reisa med ei så bra ferje, seier han spøkefullt.

MF «Sigrid» går vanlegvis i Sandnessjøen. Ferja tar 230 passasjerar, og 70 bilar (50 pluss 22 på hengedekk). Den er 69,2 meter lang og 13,7 meter brei.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags