Fleire med ferjene i 2015

Frå ferjekaien på Årsnes. Dette sambandet hadde størst trafikkauke i 2015. (Arkivfoto).

Frå ferjekaien på Årsnes. Dette sambandet hadde størst trafikkauke i 2015. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 3 år gammel

Dei fleste ferjesambanda i Kvinnherad opplevde auka trafikk i 2015.

DEL

Størst trafikkauke var det i sambandet Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes, med ein trafikkvekst på 4,3 prosent. Her auka talet personbil-einingar (pbe) frå 360.364 til 378.068. Den auka trafikken har òg ført til at fleire bilar har blitt ståande på ferjekaien og ikkje kome med ferja dei hadde planar om å ta. Totalt var det 1084 attståande bilar i 2015, mot 829 i 2014.

Ranavik–Skjersholmane har svært stabil trafikk, med ein auke på 0,4 prosent. Her vart det ført 233.647 pbe over fjorden i løpet av 2015. Totalt 346 bilar stod igjen på kaien i fjor. Elles er det ein markant auke i talet på elbilar som nyttar ferja i sambandet. I 2014 var talet 2989 bilar, medan det i 2015 var heile 5650 elbilar. Her er veksten også stor mellom Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes, frå 1823 til 3592 bilar.

Fjelbergsambandet opplever òg ein liten auke i trafikken, med 3,2 pro-sent. Her var det 39.822 pbe, mot 38.581 året før. 44 bilar måtte stå over ein tur.

Einaste samband med nedgang i trafikken er Utåker–Matre–Skånevik. Nedgangen er på 2,1 prosent, frå 131.606 pbe til 128.897 pbe. For bilistane sin del er det ein gledeleg og stor nedgang i talet på bilar som må stå over ein ferjetur, frå 370 til 117. Elbil-trafikken auka frå 695 til 1152 bilar.

I Hordaland er det Jondal–Tørvikbygd som auka mest, med 13,9 prosent trafikkvekst.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags