«24. juni 2023 vil skriva seg inn i historia med alle fargane i pennalet og hjartevarme emneknaggar. Uskedalen sentrum blir nemleg åstad for ein fargerik og raus folkefest når Kvinnherad Pride og Festidalen sine 20 herlege år som festival og møteplass blir markert», skriv arrangørane i ei pressemelding.

Kjærleiken

Dei lovar kake, underhaldning, appellar, parade, musikk, kjærleik og jamt over god stemning når dei skal feira kjærleiken i Uskedalen denne laurdagen. Men dagen vekkjer også tviegga kjensler.

«Denne laurdagen er det eitt år sidan dei skjebnesvangre skota losna i hovudstaden, og våre illusjonar om eit trygt Norge for LHBTQ-personar vart smadra. Dagen etter er det òg eitt år sidan folk strøyma opp på Dønhaug, og såg all den kjærleiken som bur i Festidalen. Alle var velkomne, og jordet var ein særskilt viktig møteplass denne kvelden», skriv Romsleg og Festidalen og held fram:

«Minna om dei to drepne og fleire skada i Oslo er vonde. Samstundes gjev det gode fellesskapet på jordet oss tru på at kjærleiken faktisk er størst av alt. Kjærleik har trass alt vore eit av Festidalen sine gromme fyndord gjennom festivalen sine 20 år, noko som kjennest. Det kjennest frykteleg godt».


Trygge

Saman skal dei feira kjærleiken på ein dag kor alle er velkomne.

«LHBTQ-personar skal vera trygge i Norge. Trua på at dette ein dag kan verta ein realitet blir styrkt når ein står saman. Me lovar kake, underhaldning, appellar, parade, musikk, kjærleik og jamt over god stemning. Mest av alt lovar me å stå saman for å skapa eit samfunn kor alle, uansett legning eller kjønnsidentitet, kan kjenna seg trygge», skriv dei i pressemeldinga.

Med seg på Pride i Dalen har dei fått Sparebanken Vest, som fyller 200 år i år, og Human-Etisk forbund Vestland og Kvinnherad.

Appell frå Stord

Til arrangementet kjem Alexander Papas (22) for å halda appell. Han er ein skeiv stordabu som bur og studerer i Bergen. I tillegg til å vera lærarstudent ved Høgskulen på Vestlandet, er han 4. kandidat for Vestland SV.

«22-åringen er oppteken av å skapa inkluderande fellesskap som verdset mangfald, og kampen mot negativ sosial kontroll. Han er særleg oppteken av at skeive med minoritetsbakgrunn og funksjonsvariasjonar også skal kjenna seg velkomne på Pride, og vera inkluderte og synlege i den skeive rørsla og frigjeringa», står det i pressemeldinga.