– Fredag var det inne om lag 2.600 personar, og laurdag var det om lag 2.800. Totalt rundt 5.400.

Det fortel Eirik Sævareid, økonomiansvarleg i Festidalen, til Kvinnheringen måndag.

Seinare opplyser talknusaren at det aldri har vore meir enn 5.000 besøkande totalt på nokon av dei tidlegare festivalhelgene. Festidalen 2019 hadde til samanlikning 1.400 besøkande på fredagen og 2.300 på laurdagen.

– Travelt med så mykje folk

– Med så mykje folk begge dagane er det godt å ha fått tilbakemeldingar på at det stort sett har gått fint føre seg, seier Sævareid om helga.

Festidalen samarbeider godt med politi og naudetatane, og i samband med hendinga i Oslo natt til laurdag var det naturleg nok eit tema dei drøfta før arrangementet på laurdag. Med mange vakter i sving både inne og utanfor området vart publikum passa godt på både av dei frivillige vaktene og innleigde profesjonelle vakter, slik at det var ikkje tale om at arrangementet burde avlysast.

– Vi tek tryggleiken til publikum på alvor, og følgjer dei tilrådingane vi får, og ut frå dette gjekk arrangementet laurdag som planlagt. Det har nok vore travelt for vaktene med så mykje folk, men mitt inntrykk er at folk i hovudsak har oppført seg fint og har vore i godt humør, seier Sævareid.

Bildeserie

Festidalen 2022 - fredag 24. juni: Sjå glimt frå stemninga på Dønhaug!

Bildeserie

Festidalen 2022 - laurdag 25. juni: Gabrielle skrudde allsong-volumet opp til nye høgder

Tidleg innrykk på bakkane

Då Festidalen opna fredag strøymde det inn publikum tidleg og i den flotte sommarkvelden var folk både varme og tørste. Dei frivillige gjekk rundt med korger og fulle beger med vatn som dei delte ut for å passa på at publikum fekk i seg nok drikke under heile kvelden. Og det kunne trengast med temperatur på rundt 30 grader i dei varmaste ettermiddagstimane.

Litt problem undervegs førte tidvis til lange køar, men folk tok det stort sett med godt humør, og nytta høvet i køen til å prata med kjenningar.

– Vi trong fylla på ekstra med ekstra forsyningar denne helga, for sjølv om vi brukar både statistikk og historikk for å få godt anslag på kor mykje som går med ei festivalhelg, så kunne ingen førebu oss på denne kombinasjonen; fullt jorde frå tidleg kveld og høgsommar med temperaturar opp i 30 grader. Heldigvis har vi gode hjelparar i nærområdet, og vi er utruleg glade for at Spar Uskedalen kunne koma oss til unnsetning med nye leveransar på laurdag, fortel Sævareid.

Han skryt elles av eit fantastisk publikum, og er glad for at det trass litt travle kveldar for Røde Kors, så var det lite skadar sett i høve til kor mange som var samla på festivalen.

– Det er mange som har venta lenge på å koma ut på festival att, og det var ekstra kjekt at både publikum og vêrgudane var på lag med oss nett i år. Det gir oss mykje energi og lyst til å gå i gang med neste års Festidalen. Så stor takk til alle som var med å gjera dette til ein vellukka festival.

– Og sist men ikkje minst, dei frivillige har gjort ein fantastisk jobb! Eg håpar vi har klart å ta godt vare på dei, det er i alle fall det vi prøver på, men eg kan ikkje få rosa dei nok for den jobben dei gjer. Dette er heilt klart ei slik helg som gjer at vi har lyst til å fortsetja! avsluttar han.