Torsdag skal formannskapet behandla ein søknad frå Festidalen om underskotsgaranti. Innslagspunktet for garantien det er søkt om er på minus 200.000 kroner. Det vil seia at underskotet må vera større enn 200.000 kroner for å utløysa garantien.

I utgangspunktet er Kommunedirektøren negativ til søknaden då ein ikkje har midlar til føremålet i budsjettet. Men i innstillinga frå Kommunedirektøren, vert det vist til at formannskapet får vurdera om det vil nytta av utvalet sin disposisjonspott.

Dersom formannskapet skulle gå inn for å gi underskotsgaranti, rår Kommunedirektøren til at den blir avgrensa til inntil 200.000 kroner.

I søknaden viser Festidalen til at arrangementet er basert på frivillig innsats, og at det har stor positiv verdi for mange. Frå før av er Festidalen tildelt 100.000 kroner i kommunalt festivaltilskot.